D.G.T. (Off and On)

song frå 2022 med Theodor Andrei From Wikipedia, the free encyclopedia

D.G.T. (Off and On)
Remove ads

«D.G.T. (Off and On)» (norsk omsetjing D.G.T. (av og på), der D.G.T. vert uttalt de-dsje-te, tilsvarande det rumenske ordet for fingrar) er ein song frå 2022 med den rumenske songaren Theodor Andrei. Songen blei gjeven ut 19. desember 2022 som del av albumet Fragil.[1] Han var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[2][3]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

Theodor Andrei skreiv «D.G.T. (Off and On)» til den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023 – Selecția Națională 2023. Ifølgje Andrei ønskte han å lage ein song som blandar forskjellige musikksjangrar, og som kunne appellere til både rumenske og internasjonale lyttarar. Ifølgje Andrein var det «ein song som Romania aldri har sendt til den store finalen».[1][4]

Songen har engelsk og rumensk tekst, og Andrei skildra låten som «ein kjærleikshistorie der fornufta er i konflikt med instinktet, og lidenskapen og tryggleiken duellerer».[1] Songen tek for seg dei gode og dårlige sidene med å forelske seg, som lidenskap, sex, modenskap, løgner og andre aspekt rundt kjærleiken.[1]

Ifølgje Andrei skreiv han melodien «ut av keisemd», og med hjelp frå venen Luca De Mezzo, som seinare skreiv oppbygginga til refrenget. Dei to brukte rundt ei veke på å skrive den instrumentale delen og dei to første versa av songen. Mikail Jahed og Luca Udățeanu bidrog vidare på låtskrivarsida.[1]

Eurovision Song Contest

«D.G.T. (Off and On)» blei gjeven ut 19. desember 2022 på albumet Fragil. Songen blei deretter kunngjord som eit av bidraga i Selecția Națională 2023.[5] I finalen 11. februar 2023 vann «D.G.T. (Off and On)» tevlinga og blei dimed det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.[3]

Romania deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool, og låten hadde startnummer 3.[6] I semifinalen enda «D.G.T. (Off and On)» på delt sisteplass utan poeng og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai.[7] Dette var det verste resultatet til Romania sidan debuten i 1994.[8]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads