Da Doo Ron Ron

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Da Doo Ron Ron» er ein hitsong frå 1963 av den amerikanske vokalgruppa The Crystals, produsert av Phil Spector Wall of Sound-stilen hans. Songen var skriven av Jeff Barry, Ellie Greenwich og Spector. Trommeslagar på songen var Hal Blaine.[1] Dolores «LaLa» Brooks var solovokalist.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), The Crystals-kronologi ...

Songen vart spelt inn i mars 1963 i Gold Star Studios i Los Angeles. Jack Nitzsche og Larry Levine arrangerte songen.[2]

« Det der er gull. Det der er reint gull som kjem ut av høgtalaren.  »

—Spector til Sonny Bono etter å ha lytta gjennom den endelege versjonen av «Da Doo Ron Ron».[3]

Remove ads

Lovord

I 2004 vart songen rangert på 114. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene, men då denne lista vart oppdatert i ei ny utgåve i 2010, var songen ein av dei 26 som hadde falle ut av lista, som den høgast plasserte på lista i 2004.[4] Han vart lista på 528 plassen på lista til Q Magazine over dei 1001 beste songane gjennom tidene. Berlin Media lista songen på 43. plassen på lista si over dei 100 beste singlane gjennom tidene i 1998. Han vart òg med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma rocken».

Remove ads

Lister

Den 11. mai 1963 nådde songen tredjeplassen på Billboard Hot 100[5] og fjerdeplassen på Cash Box-lista.[6] Han nådde òg femteplassen på singellista i Storbritannia.

Lister

Meir informasjon Liste (1963), Plassering ...

Musikkvideo

Det vart laga ein video av songen for MTV med den originale innspeligna av songen.

Andre versjonar

Shaun Cassidy-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Da Doo Ron Ron» vart spelt inn i 1977 av tenåringsidolet Shaun Cassidy på den første soloplata hans, Shaun Cassidy. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA.[8] Songen vart den første av tre singlar på rad for Cassidy som nådde topp 10 i USA. Denne versjonen låg i alt 22 veker inne på lista og selde til gullplate.[9]

Lister

Meir informasjon Liste (1977), Plassering ...

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt inn songen er Jack Nitzsche, The Searchers, Iain Matthews, Bette Midler, Tina Arena og John Bowles, The Donnas, The Beach Boys, Dave Edmunds, The Carpenters, The Raindrops og Brian Poole and the Tremeloes.[10]

I 1963 song Johnny Hallyday ein fransk versjon, skriven av Georges Aber,[11] i den første filmen hans, D'où viens-tu Johnny ?[12] Andre franske songarar som har spelt songen på fransk er Frank Alamo (1. juni 1963),[13] Richard Anthony og Sylvie Vartan,[14] og Donald Lautrec i Quebec.[15]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads