Daan de Lange
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Daan de Lange (4. august 1915–29. mai 1988) var ein nederlandsk-norsk musikar og sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk i 1960.[1] Han deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1960, 1966, 1968 og 1970.[2]
Daan de Lange var fødd og oppvaksen i Nederland, men flykta frå landet under den tyske invasjonen av Nederland i 1940. Han var krigsåra i England, der han mellom anna reiste rundt og spelte for amerikanske styrkar. Han kom til Noreg på midten av 1950-talet. Han bodde først i Stavanger og seinare på Hamar, der han mellom anna arbeidde som pianist.[3]
Daan de Lange var i sine yngre år fotballproff i Ajax.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads