Sjakkolympiade
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Sjakkolympiade, også kalla sjakk-OL, er lag-VM i sjakk for nasjonslag. Verdssjakkforbundet FIDE har arrangert denne sjakkturneringa sidan 1927, stort sett anna kvart år. Før andre verdskrigen vart turneringa til dels halde årleg.
I åra 1957, 1963, 1966, 1969 og 1974 vart det arrangert eigne sjakk-OL for kvinner. Sjakk-OL i 1972, og alle sjakk-OL sidan 1976 har hatt ei eiga kvinneklasse. Sjakk-OL har ikkje ei klasse for menn og ei for kvinner, men ei open klasse, der kvinner kan delta på laga saman med dei mannlege spelarane, og ei kvinneklasse. Til dømes Judit Polgar har såleis deltatt på Ungarn sitt landslag saman med dei beste mannlege ungarske spelarane i open klasse.
I open klasse har det blitt spela over 4 bord, med to reservar. I kvinneklassa har det blitt spela over 3 bord, med ein reserve. Frå sjakk-OL i 2008 har det blitt spelt over 4 bord i begge klasser, med ein reserve.
Her har også blitt arrangert to uoffisielle sjakk-olympiadar, i 1936 og 1976. Desse var ikkje godkjende av verdssjakkforbundet FIDE. Den første av desse var nazi-Tyskland sitt "sjakk-OL" i München i 1936. I 1976 vart det offisielle sjakk-OL arrangert i Haifa i Israel. At Israel fekk denne turneringa var politisk omstridd, og ein del land boikotta sjakk-OL i Haifa, og andre land deltok i eit mot-OL arrangert i Tripolis.
Verdssjakkforbundet FIDE har no ein del år vore medlem av Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), men sjakk er ikkje med som olympisk sport. Det er såleis noko misvisande at lag-VM i sjakk, som sjakk-olympiaden i realiteten er, har fått dette namnet.
Sjakk-OL i 2014 vart arrangert i Tromsø.
Det vinnande laget i kvinneklassa får Vera Menchik-pokalen.
- Bobby Fischer sitt noteringsskjema frå partiet hans mot Miguel Najdorf i 3. runde i sjakk-OL i Siegen i 1970.
- Symbolet til det 6. sjakk-OL i Warszawa 1935 ved J. Steifer
Remove ads
Open klasse
* I 1976 deltok ikkje Sovjetunionen og andre kommunist-land av politiske grunnar.
Remove ads
Kvinneklassa
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads