Dadra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dadra er ein småby i det indiske unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli, men omslutta av delstaten Gujarat. Han ligg mellom dei større byane Silvassa (hovudstaden i territoriet, nokre kilometer i søraust) og Vapi (nokre kilometer i nordvest, i delstaten Gujarat). Folketalet var på 13 039 ved folketeljinga i 2011.[1]
- For dadra i musikk, sjå Dadra (fleirtyding).
Byen kom under portugisisk herredøme i 1785. Indisk-portugisiske nasjonalistar tok kontroll over Dadra 21. juli 1954 og sette opp eit pro-indisk styre her og i Nagar Haveli i nærleiken. Dei to områda blei gjort til eit felles unionsterritorium i India 11. august 1961.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads