Silvassa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Silvassa
Remove ads

Silvassa (marathiskrift सिल्वासा, gujaratiskrift સેલ્વાસ) er ein storby og hovudstad i det indiske forbundsterritoriet Dadra og Nagar Haveli. Byen ligg rundt 32 meter over havet.

Kjappe fakta Land, Region ...

Silvassa har mange fabrikkar og industriar som gjev omfattande inntekter frå staten, noko som igjen gjev låg skatt i byen.

Remove ads

Folkesetnad

Ved den indiske folketeljinga i 2001 hadde Silvassa ein folkesetnad på 21 890, der 57 % var menn og 43 % var kvinner. [1] I Silvassa ligg lesekunnenivået på ca. 75 %, noko som er mykje høgare enn gjennomsnittet i India (59,5 %). Av dei som kan lesa er det 80 % menn og 68 % kvinner. Av folkesetnaden var det 15 % som var under seks år i 2001.

Språka marathi og gujarati dominerer i byen, men Silvassa vert òg rekna som heimebyen til warli-kulturen.[2] Dette er ei folkegruppe som snakkar warli, eit slags mellomstadium mellom marathi og gujarati.

I Silvassa finst ei stort mengd katolikkar, sidan byen var ein av dei portugisiske kolonibyane i India saman med Goa, Daman og Diu. Ein særprega indisk-portugisisk kultur har difor utvikla seg her.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads