Dale kyrkje i Sogn

kyrkje i Luster kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Dale kyrkje i Sogn
Remove ads

Dale kyrkje står i grenda Dale ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei mura langkyrkje frå kring 1240.[1] Dale sokn er fyrste gong nemnt i brev frå biskop Arne i 1306, medan kyrkja og prestestova er nemnt første gong i 1321. Bygget har skip med rektangulært grunnplan og eit smalare og lågare kor.[2] Mellomalderkyrkja hadde ikkje tårn. Tårnet i form av ein takryttar vart sett på i 1634-34, men tårnet er seinare kraftig ombygd. Våpenhuset vart oppført i 1646-48. Det er gravkammer i ein krypt under golvet og kyrkja tok mest betalt for gravplass under koret, men i 1804 kom det forbod mot gravlegging inne i kyrkja. De står fortsatt omkring 60 kister med balsamerte leivningar i krypten.[2]

Thumb
Plasseringa til Dale kyrkje
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kyrkja utmerkjer seg med eit godt bevart barokkinteriør og ein klebersteinsportal som er mellom dei aller fremste steinarbeida ein har frå mellomalderen i Noreg.[1] Klebersteinen til kyrka vart truleg broten i Kleberseggi på Indre Hafslo, og den høge kvaliteten på steinarbeidet tyder på at det har vore folk frå utlandet som har hogd til portalen og dei andre klebersteinsdelane i kyrkja.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Dale sokn i Sogn prosti.

Remove ads

Sokneprestar

Namn og tenestetid.[2]

  • Stevelin Adamson Reutz 1677-1687
  • Hans Henrikson Urdahl 1687-1728
  • Peder Jensson Juel 1730-1745
  • Jens J. Borchsenius 1745-1754
  • Fredrik N. Cimber 1754-1760
  • Gerhard (Gert) Andersson Daae 1761-1784
  • Ludolf Krohn 1785-1795
  • Anders Gerhardson Daae 1795-1803 (son av tidlegare prest)
  • Edvard A. Quale 1803-1828
  • Hans N. Bonnevie 1834-1844
  • Just O. Moss 1845-1852
  • Carl Herman Peterson Hansen 1852-1861
  • Adolf Christie Fritzner Daae 1875-1896
  • Håkon Hovland 1963-1968
Remove ads

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads