Dammastock
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dammastock (3 630 moh) er det høgste fjellet i Uri-Alpane i Dei sveitsiske Alpane. Toppegga på fjellet er grenselinje mellom kantonane Uri og Valais. Dammastock er høgste fjelltoppen i Uri. Trepunktet mellom kantonane Bern, Valais og Uri ligg nær toppen av Eggstock, ein topp på egga straks nord om toppen av Dammastock.
Fjellmassivet er for det meste dekt av isbrear. Den store Rhonebreen ligg på vestsida, den mindre Dammabreen på austsida og Triftbreen på nordsida.
Fjellet var fyrst klatra av Albert Hoffmann-Burkhardt saman med fjellførarane Johann Fischer og Andreas von Weissenfluh den 28. juli 1864.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dammastock» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads