Damn the Torpedoes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Damn the Torpedoes er det tredje albumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i 1979. Dette var det første av tre Petty-album som vart gjeve ut på Backstreet Records, distribuert av MCA Records. Albumet gjorde det særs godt og nådde andreplassen på Billboard 200-albumlista.[1] I 2003 vart albumet rangert på 313. plassen (315. plassen i 2012) på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2]

Meir informasjon Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi, Singlar frå ...
Damn the Torpedoes
Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers
Språk engelsk
Utgjeve 19. oktober 1979
Innspelt Sound City, Van Nuys
Cherokee Studios, Hollywood
1978–79
Sjanger Heartland rock, rock and roll
Lengd 36:38
Selskap Backstreet, MCA, Geffen, UMe
Produsent Jimmy Iovine, Tom Petty
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi 
You're Gonna Get It!
(1978)
Damn the Torpedoes Hard Promises
(1981)
Singlar frå Damn the Torpedoes
  1. «Don't Do Me Like That»
    Utgjeve: 5. november 1979
  2. «Refugee»
    Utgjeve: 11. januar 1980
  3. «Here Comes My Girl»
    Utgjeve: 7. april 1980
Lukk

Bakgrunn og innspeling

Platekontrakten til Petty vart flytta til MCA, då det førre selskapet hans, Shelter Records og distributøren ABC Records, vart seld til MCA i 1979. MCA tok over rettane til den publiserte musikken til Petty, noko som gjorde han rasande. Han svarte med å erklære seg konkurs som ein taktikk for å oppløyse kontrakten med MCA.[3] Til slutt gav plateselskapet seg, og Petty forhandla ein avtale som let han få halde rettane til musikken sin og danne sitt eige selskap, Backstreet Records, produsert og distribuert av MCA. Albumet, som vart produsert i lag med Jimmy Iovine, vart spelt inn i Sound City Studios i Van Nuys og Cherokee Studios i Hollywood.[4] Tittelen er ein referanse til eit kjent sitat av admiral David Farragut: «Damn the torpedoes, full speed ahead!». Alle innspelingane til Petty for Backstreet vart gjevne ut på ny på MCA i 1988.

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic[5]
Chicago Tribune[6]
Robert ChristgauB+[7]
The Essential Rock Diskografi8/10[8]
MusicHound[9]
Rolling Stone[10]
The Rolling Stone Album Guide[11]
Virgin Encyclopedia of Popular Music[12]
Rolling Stone 500 Greatest albums313 av 500
Lukk

Albumet vart det store gjennombrotet til Petty and the Heartbreakers. Det vart det første albumet deira som nådde topp 10 på albumlista i USA med ein andreplass, der låg dei i sju veker, berre hindra frå toppen av lista av Pink Floyd sitt The Wall).[1] To songar frå albumet nådde topp 15 på Billboard Hot 100 i USA, «Don't Do Me Like That» (#10) og «Refugee» (#15). Takka vere den nye medprodusenten Jimmy Iovine, vart Damn the Torpedoes eit stort sprang framover når det kom til produksjon.[5]

Albumet fekk generelt særs god kritikk. Den første meldinga i Rolling Stone kalla det «albumet me alle har venta på - i alle fall om ein er Tom Petty-fans.»[13] Seinare meldingar har halde eg til denne trenden og kalla det «eit av dei beste rockealbuma gjennom tidene»[5] og Rolling Stone sette det på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Refugee»Petty, Mike Campbell3:22
2.«Here Comes My Girl»Petty, Campbell4:27
3.«Even the Losers»Petty3:59
4.«Shadow of a Doubt (A Complex Kid)»Petty4:25
5.«Century City»Petty3:45
Lukk
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Don't Do Me Like That»Petty2:44
7.«You Tell Me»Petty4:35
8.«What Are You Doin' in My Life»Petty3:27
9.«Louisiana Rain»Petty5:54
Total lengd36:38
Lukk
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Bonusplate
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Nowhere»Petty3:38
2.«Surrender»Petty3:26
3.«Casa Dega»Petty, Campbell3:36
4.«It's Rainin' Again»Petty1:31
5.«Shadow of a Doubt (A Complex Kid)» (Live At Hammersmith Odeon, London, England/1980)Petty4:42
6.«Don't Do Me Like That» (Live At Hammersmith Odeon, London, England/1980)Petty2:49
7.«Somethin' Else» (Live At Hammersmith Odeon, London, England/1980)Eddie Cochran2:28
8.«Casa Dega» (demo)Petty, Campbell3:33
9.«Refugee» (Early Version)Petty, Campbell4:32
Total lengd30:15
Lukk

Medverkande

The Heartbreakers:

Studiomusikarar:

Andre medverkande:

  • Jimmy Iovine – produsent
  • Tom Petty – produsent
  • Greg Calbi – mastering
  • Shelly Yakus – lydteknikar
  • John Mathias – assisterande lydteknikar
  • Thom Panunzio – assisterande lydteknikar
  • Gray Russell – assisterande lydteknikar
  • Skip Saylor – assisterande lydteknikar
  • Tori Swenson – assisterande lydteknikar

Plateomslag:

  • Lynn Goldsmith – fotografi
  • Dennis Callaghan – fotografi
  • Aaron Rapoport – fotografi
  • Glen Christensen – framsidefotografi
  • Tommy Steele – kunstnarisk leiar

Lister

Vekeslister

Årslister

Meir informasjon Liste (1980), Plassering ...
Liste (1980) Plassering
Australian Album Chart[14] 53
US Billboard Pop Album[20] 5
Lukk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.