Dan Hartman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Daniel Earl «Dan» Hartman (8. desember 1950–22. mars 1994) var ein amerikansk musikar, songar, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend for songar som «Free Ride» med The Edgar Winter Group og solohittane «Instant Replay» «I Can Dream About You», «We Are The Young» og «Second Nature». Desse var dei mest suksessrike singlane hans i USA.
Remove ads
Karriere
I 1970-åra var Dan Hartman medlem av the Edgar Winter Group og var òg med i bandet til Johnny Winter ei tid. Hartman var òg studiomusikar som spelte for ei rekkje artistar som Ian Hunter, Stevie Wonder, Todd Rundgren og Ronnie Montrose. Etter å ha gjeve ut eit soloalbum i 1976, slo han gjennom med eit discoalbum. Oppfølgjaren, Relight My Fire, som sidan vart ein hit for Take That, var ikkje like suksessrikt, og Hartment trekte seg attende til studioarbeid, og produserte .38 Special, the Average White Band og James Brown. Han styrte spakane på comeback-hitten til Brown, «Living in America» i 1986. Hartman hadde ein hit til i 1985 med pop-soul-songen «I Can Dream About You». Igjen var ikkje oppfølgjaren hans like suksessrik og han gjekk attende til produksjonsarbeid. Han førebudd eit nytt album då han døydde i mars 1994 av ein AIDS-relatert hjernesvulst.
Remove ads
Diskografi
Album
- Who Is Dan Hartman? (1976)
- Images (1976)
- Instant Replay (1978) No. 80 U.S.
- Relight My Fire (1979) No. 89 U.S.
- It Hurts to Be in Love (1981)
- April Music (1981)
- I Can Dream About You (1984) No. 55 U.S.
- White Boy (uutgjeve) (1986)
- New Green Clear Blue (1989)
- Keep The Fire Burnin' (1994)
- Super Hits (2004)
Singlar
- 1 òg i filmen Streets of Fire
- 2 1985 nyutgjeving; opphavleg nr. 78
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads