Dan Peek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dan Peek
Remove ads

Daniel Milton «Dan» Peek (1. november 195024. juli 2011) var ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av folkrockbandet America frå 1970 til 1977, i lag med Gerry Beckley og Dewey Bunnell.[1] Han har vorte kalla ein «pioner innan moderne kristenmusikk».[2][3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Tidleg liv

Peek vart fødd i Panama City i Florida, 1. november 1950, medan faren var i US Air Force.[1]

Frå 1963 vart Peek utdanna ved London Central Elementary High School ved Bushey Hall i Nord-London. I skuleåret 1965-66 gjekk Peek på San Angelo Central High School etter at familien flytta frå Pakistan tidlegare same år. Han flytta igjen til England i 1968 saman med familien då faren vart tildelt ein base i London. Det var der han møtte Bunnell og Beckley på London Central High School.[3]

I 1973 gifta han seg med Catherine Maberry (d. 11. mars 2021),[4] som han skreiv ei rekkje songar saman med, mellom anna «Lonely People».[5]

Då Peek var ein ung gut, leid han av revmatoid artritt og måtte vera innlagt på sjukehus i fleire veker, over 100 km borte frå heimen til familien. Foreldra kunne berre besøkja han av og til. Peek hugsa denne opplevinga då han, omtrent eit år før han døydde, bestemde seg for å kvitta seg med fem av dei gamle gitarane sine. Fordi Ronald McDonald Houses eksisterer for å skaffa bustader til familiar med innlagde barn i nærleiken av sjukehus rundt om i USA og verda, donerte Peek desse fem gitarane til huset i San Diego, som seinare vart selt til ein samlar, noko som resulterte i ein donasjon på 50 000 dollar.[6]

Remove ads

Karriere

America

Etter eit kort opphald ved Old Dominion University i Virginia i 1969,[7] returnerte Peek frå USA tilbake til London. Kort tid etter byrja dei tre tidlegare London Central High School-klassekameratane Peek, Beckley og Bunnell å laga musikk saman. Dan Peek er kjend for å syngja dei høge harmoniane, og bidrog med solo- og korvokal, gitar, bass, klaverinstrument og munnspel til innspelingane deira i løpet av si tid i bandet.[7] Som medlem av America skreiv eller var Peek med på å skriva fire topp 100-singlar: «Don't Cross the River» (nr. 35), «Lonely People» (nr. 5), «Woman Tonight» (nr. 44) og «Today's the Day» (nr. 23), som han òg song solo på. «Lonely People» og «Today's the Day» gjekk òg til topps på Billboard AC-listene.[4]

Peek misbrukte alkohol og andre rusmiddel medan han turnerte med bandet og valde å forlata bandet kort tid etter utgivinga av albumet Harbor i februar 1977, misnøgd med reisinga, rusbruken og dei kvinnelege groupiane.[7] I 2004 gav han ut ein sjølvbiografi om denne epoken med tittelen An American Band: The America Story som var svært vanskeleg for han å skriva på grunn av dei dårlege minna.[1]

Moderne kristen musikk

Åra på vegen med America hadde slite han ut.[8] Han avstod frå narkotika og alkohol, fornya den kristne trua si , og byrja å søkja ei anna kunstnarisk retning enn Beckley eller Bunnell. Han skreiv kontrakt med Pat Boone sitt Lamb & Lion Records og fekk fornya suksess som ein banebrytande artist i den nye kristne popmusikksjangeren.[8]

Debutalbumet til Peek som soloartist, All Things Are Possible, vart gitt ut i 1979. Chris Christian skreiv, produserte og bidrog med akustisk gitar og korvokal på albumet. Tittelsporet nådde Billboard-listene, og vart topp 10 på A/C Billboard-lista og nådde toppen av den kristne hitlista, og vart ein av dei tidlegaste moderne kristenmusikk-hittane som kryssa over på andre lister. Ein annan song på albumet, «Love Was Just Another Word», vart spelt inn i Los Angeles og skriven av Chris Christian og Steve Kipner. Gerry Beckley og Dewey Bunnell bidrog med korvokal. Dette var siste gong dei tre originalmedlemmene i America spelte inn saman.[9] Albumet vart nominert til Grammyprisen og tapte i kategorien Contemporary Gospel for The Imperials-albumet Heed the Call.[2]

Peek venta fem år før han gav ut det andre soloalbumet sitt, Doer of the Word frå 1984, som nådde andreplassen på den kristne hitlista. Gerry Beckley bidrog med korvokal, som vart spelt inn i studioet til Chris Christian i Los Angeles medan Peek var der.[10] I 1986 kom albumet Electrovoice, igjen på CCM-marknaden, som inkluderte ei nyinnspeling av «Lonely People», med ei veldig lik solovokalhandsaming og arrangement som den opphavlege America-versjonen. Han endra nokon av teksten for å reflektera den kristne trua si; til dømes vart linjene «And ride that highway in the sky» og «You never know until you try» til «And give your heart to Jesus Christ».[11]

Peek var store delar av 1990-talet dels pensjonert, og spelte av og til inn musikk i heimen sin i Bodden TownGrand Cayman.[8] Han gav ut fleire soloprosjekt og samarbeidde med Ken Marvin og Brian Gentry som «Peace» på tre album. I åra før han døydde gav Peek ut musikk via nettstaden sin. Det siste musikalske samarbeidet hans var å framføra solovokal på eit spor på albumet Steps on the Water av Etcetera frå 2011.

Han gav ut An American Band, ein sjølvbiografi basert på den mest suksessrike perioden til America, og hans eiga andelege reise.[8]

Remove ads

Død

Peek døydde i søvne av uremisk perikarditt 24. juli 2011, 60 år gammal i heimen sin i Farmington i Missouri.[1][12] Han vart gravlagd på Farmingtons Zolman Cemetery.

Diskografi

Sjå òg diskografien til America

Meir informasjon År, Singel / Spor ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads