Dewey Bunnell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dewey Bunnell
Remove ads

Lee Merton «Dewey» Bunnell[1] (fødd 19. januar 1952)[3] er ein britisk-amerikansk musikar, songar, gitarist og låtskrivar, mest kjend som medlem av folkrockbandet America.[4]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Bakgrunn

Bunnell vart fødd i Harrogate i Yorkshire i England,[3] av ein amerikansk militærfar, stasjonert på United States Air Force-basen RAF South Ruislip, og den engelske kona hans. Som ung musikar vart Bunnell inspirert av The Beatles og The Beach Boys.[5] Medan han gjekk på London Central High School i England møtte han Gerry Beckley og Dan Peek.

America

For meir om dette emnet, sjå musikkgruppa America.

Etter eit første forsøk på å danna eit band i slutten av 1960-åra, danna Bunnell, Beckley og Peek America i 1969 og gav ut sitt første album i 1971.[4] Til liks med dei andre medlemmene skreiv, song og spelte Bunnell gitar. Hans mest kjende komposisjonar inkluderer «A Horse with No Name», «Ventura Highway» og «Tin Man». Bunnell har forklart at «A Horse with No Name» var «ein metafor for eit køyretøy for å komma seg bort frå forvirringa i livet til ein stille, fredeleg stad», medan «Sandman» var inspirert av dei uformelle samtalane hans med heimvende Vietnam-veteranar. Av frykt for å bli angripne og drepne i søvne valde mange av dei å halda seg vakne så lenge som mogleg, anten naturleg eller med legemiddel. Dermed «flykta dei frå Ole Lukkauge.»[6]

Bunnell er framleis medlem av America, saman med Gerry Beckley. America har laga meir enn 20 album med originalt materiale, saman med ei rekkje hitsamlingar, mellom 1960-åra og i dag. Gruppa fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i februar 2012.

Privatliv

I 1973 flytta han til Marin County i California med den dåverande kona si, Vivien. Dei fekk to barn, Dylan og Lauren. Dei to vart skilde i 1999, og han gifta seg med Penny i 2002.[4] Han adopterte deretter dotter til Penny, Destry.

Remove ads

Diskografi

For meir om dette emnet, sjå diskografien til America.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads