Dance You Off
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dance You Off» er ein svensk song frå 2018 som vert framført av songaren Benjamin Ingrosso. Han skreiv songen saman med låtskrivarane MAG, Louis Schoorl og K Nita.[1][2] «Dance You Off» vann Melodifestivalen 2018 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa. Songen vart lagd ut for digitalt sal og strøyming 24. februar 2018.[3]
Remove ads
Melodifestivalen

«Dance You Off» var eit av 2 771 bidrag som vart sende inn til Melodifestivalen, og var eit av 28 bidrag som vart plukka ut til å delta i den svenske finalen. «Dance You Off» deltok i den fyrste semifinalen i Löfbergs Arena i Karlstad laurdag 3. februar 2018. Der vann han semifinalen og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm 10. mars 2018. I finalen fekk «Dance You Off» flest poeng i både jury- og telefonavrøystinga og vann tevlinga.
Som vinnar vart «Dance You Off» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2018. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 10. mai i Lisboa og kvalifiserte seg til finalen laurdag 12. mai.[4] I finalen var Sverige det 20. landet på scena av 26 deltakarland. Etter juryavrøystinga låg «Dance You Off» på andreplass, bak Austerrike, men i telefonavrøystinga enda låten heilt nede på 23. plass, og fekk til slutt ein sjuandeplass samanlagt.[5]
Remove ads
Teksta
«Dance You Off» handlar om ein mann som prøver å gløyme sin kjærleik – blant anna ved å forsøke å danse vekk minnet. Ingrosso har fortalt at teksta er basert på ei kjærleikskrise han sjølv opplevde.[6][7]
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads