Daniel av Elton John
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Daniel» var ein stor hitsong for Elton John. Han vart gjeven ut på albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player i 1973 og var skriven av John med tekst av Bernie Taupin. Songen nådde andreplassen i USA og gjekk til topps på adult contemporary-lista.[1] Det var den andre singelen hans som gjekk til topps på lista i Canada, etter «Crocodile Rock» tidlegare på året.[2] I Storbritannia nådde singelen femteplass[3] og i Noreg ein åttandeplass.
Remove ads
Songen
Bernie Taupin skreiv «Daniel» medan han var inspirert av hendingar i Vietnamkrigen. Teksten skildrar ein fiktiv veteran som vart blind under krigen («your eyes have died»/«but you see more than I») og reiser til Spania får å kome seg bort frå dei rundt seg heime («do you still feel the pain»/«of the scars that won't heal?»), inkludert broren, som fortel soga i songen.[4]
Listeplasseringar
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn songen er Wilson Phillips, som nådde sjuandeplass på den amerikanske Adult Contemporary-lista i 1992 med songen, Bonnie 'Prince' Billy & Tortoise og Fuel.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads