Dart-elva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dart eller River Dart er ei elv i Devon i England. Ho har utspring høgt på Dartmoor og renn 75 kilometer (47 mi) til havet ved Dartmouth.[1]

Elva byrjar som to ulike greiner, East Dart og West Dart, som renn saman ved Dartmeet. Det går fleire enkle hellebruer, clapper bridges, over elva, mellom anna ved Postbridge.
Etter Dartmoor renn elva sørover fordi Buckfast Abbey og gjennom byane Buckfastleigh, Dartington og Totnes. Etter Totnes blir elva påverka av tidvatnet, og det finst ingen bruer nedstrøms for byen.
Det går ei passasjerferje over elva frå landsbyen Dittisham til eit punkt på andre sida ved Greenway Estate. Denne staden var tidlegare heimen til krimforfattaren Agatha Christie, og har utsyn over elva. Han er no eigd av National Trust, og er open for publikum.[2]
Mellom landsbyen Kingswear på austsida av elveestuaret og byen Dartmouth i vest går det to bilferjer og ei passasjerferje.
Der elva renn ut i sjøen er det stein og klipper på begge sider. På austsida ligg Kingswear Castle nær vatnet, og på vestsida er Dartmouth Castle bygt på eit nes. Borgene hadde tidlegare ei forsvarslenkje over estuaret som dei heva ved solnedgang for å hindra fiendeskip i å koma inn i hamna i Dartmouth.
Remove ads
Galleri
- Flyfoto av Dart med utsyn mot Den engelske kanalen
- Dartmouth og Kingswear Castle ved munningen av elva.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads