Dartmoor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dartmoor er eit høglandsområde i Devon i England. Dartmoor og området rundt er verna som nasjonalpark med eit areal på 954 km².[1]

Området består av myrlandskap med fleire hundre granittoppar, kjent som tors. Det høgaste punktet er High Willhays, 621 moh. Det er svært mange fornminne i området.
Delar av Dartmoor har vorte brukt som militær skytebane i meir enn 200 år. Resten er ope for fri ferdsel, og området tiltrekker mange turistar.
Nasjonalparken blir styrt av eit National Park Authority med 22 medlemmar.
Dartmoor var med i fjernsynsserien Seven Natural Wonders som det fremste av dei sju i det sørvestlege England.
Remove ads

Dartmoor er nedslagsfelt for mange elvar i Devon. Dart-elva, som har gjeve namn til området, byrjar med dei to elvane East Dart og West Dart, som renn saman ved Dartmeet. Andre elvar som renn ut frå Dartmoor er Teign, Taw, Tavy, Avon og Lyd.
Nokre av elvane i Dartmoor er blitt demma opp for å laga drikkevassreservoar, som Avon[2] og South Teign (Fernworthy Reservoir).[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads