Dødsdans

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dødsdans
Remove ads

Dødsdans (latin chorea macchabæorum, fransk danse macabre, tysk Totentanz og spansk danza de la muerte) er ein allegori frå seinmellomalderen som viser døden eller daudingar og levande personar saman i ein prosesjon eller dans.[1]

Thumb
Dødsdansi tresnitt av Michael Wolgemut (1434-1519), henta frå Hartmann Schedels Liber Chronicarum («Verdenshistorien», Nürnberg, 1493).

Dødsdansen blir gjerne tolka som eit uttrykk for kor forgjengeleg livet er og korleis døden alltid er nær og har makt over menneskelivet. Allegorien blir ei påminning om at døden råkar alle, uansett kvar dei står i samfunnsordninga.

Remove ads

Historikk

Thumb
Side med «Døden og paven» frå ei blokkbok fra 1455–1458. Boka (Oberdeutscher vierzeiliger Totentanz), som består av 25 handkolorerte eittbladstrykk av dødsdansen, skal vera den eldste kjende utgåva med dette motivet.[2]
Thumb
«Abbeden», tresnitt av Hans Holbein den yngre i hans serie Imagines Mortis («Dødsbilder»), utgitt første gang i 1538.

Opphavet til dødsdansen som symbolsk og biletleg framstilling er noko usikkert. Forestillingane har truleg utspring i mysteriespel og folketru frå mellomalderen om døde som dansa ved midnatt. Bilda kan også ha blitt til under påverknad frå svartedauden som eit memento mori, altså for å minna folk om døden, kor skjørt livet er og kor flyktig og nyttelaus all jordisk ære er.

Thumb
Utsnitt av «Dødsdansen» av den tyske målaren Bernt Notke (1435-1509) frå Nikolaikyrkja i Tallinn i Estland.
Remove ads

Dødsdansen som motiv i kunst

Thumb
Måleriet Totentanz («Dødsdans») av Max Slevogt 1896.
Thumb
Opningslinjene i Totentanz av Franz Liszt 1849–1859.

Bildekunst

Det finst ei mengd bildeframstillingar av dødsdans i europeisk kunsthistorie, blant anna i kyrkjekunst og bøker. Framstillingane varierer frå menneske leia av ein personifiserert dødsfigur, dansande levande og daude, eller berre daudingar, anten i ei rekkje eller parvis. Menneskeskikkelsane representerer alle samfunnslag og aldersgrupper: keisar, konge, pave, munkar, bønder, tiggarar, barn, ungdommar, jomfruer, oldingar og så vidare. Dauden og daudingane har ofte form som skjelett.

Ein serie tresnitt utført av Hans Holbein den yngre på 1520-talet, men første gjeve ut i 1538, er eit kjent eksempel.

Skodespel og film

  • Dødsdansen, skodespel av August Strindberg frå 1900
  • Dødsdansen, NRK si filmatisering av Strindberg-skodespelet frå 1991. Filmen vann Amanda-pris for Bentein Baardson, Lise Fjeldstad og Per Sunderland
  • Dødsdansen (La dans de mort), fransk film frå 1948 med Erich von Stroheim i hovudrolla

Musikk

Remove ads

Sjå òg

  • Døden
  • Dødskyss
  • Ars moriendi, «kunsten å døy»
  • Memento mori, «hugs at du skal døy»
  • Contemptus mundi, «forakt for den jordiske verda»
  • Tarantella, gammal italiensk dans oppkalla etter edderkoppen tarantell, også kalla dødsdansen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads