Dave Alexander

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

David Michael Alexander (3. juni 194710. februar 1975) var ein amerikansk musikar som er mest kjend som den originale bassisten i rockebandet The Stooges.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

Etter at familien flytta til Ann Arbor i Michigan møtte han brørne Ron og Scott Asheton på skulen. Etter kvart møtte dei tre Iggy Pop og dei danna i lag The Stooges i 1967. Sjølv om Alexander ikkje var ein dyktig musikar, lærte han raskt og tok snart del i både arrangering og låtskriving, og spelte på alle songane på dei to første albuma til bandet, The Stooges og Fun House.

Alkolholmisbruk og død

Alexander vart sparka frå bandet i august 1970 etter at han møtte opp på Goose Lake International Music Festival for full til å kunne spele.[1]

Han døydde av lungeødem i 1975 27 år gammal i Ann Arbor etter å ha vorte innlagd på sjukehuset for pankreatitt, som igjen var knytt til det store alkoholkonsumet hans.

Iggy Pop nemner Alexander i den munnlege introen til songen «Dum Dum Boys» frå albumet The Idiot, og seier:

How about Dave?
OD'd on alcohol
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads