Fun House
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fun House er det andre albumet til det amerikanske rockebandet The Stooges. Sjølv om albumet i starten selde dårleg utvikla Fun House ein sterk tilhengjarskare og som etterfølgjaren Raw Power frå 1973 vert det i rekna som ein særs viktig del i utviklinga av punkrock.[11]
I 1999 gav Rhino Records ut den begrensa plateboksen 1970: The Complete Fun House Sessions, som inneheldt kvart einaste opptak av alle songane frå alle dagane i studioet, i tillegg til singelversjonane av «Down On The Street» og «1970».
Remove ads
Innspelinga
Sjølv om Jac Holzman i Elektra Records meinte at MC5 hadde større potensiale enn the Stooges, gjorde han det viktige grepet om å la tidlegare Kingsmen-keyboardist Don Galluci produsere albumet. Galluci hadde sett gruppa på konsert og sa til Holzman at det var ei interessant gruppe, men at han ikkje trudde ein kunne få den kjensla ned på lydband. Holzman sa at det ikkje gjorde noko fordi han alt hadde bestilt tid i platestudio i L.A. Albumet vart spelt inn i Elektra Sound Recorders i Los Angeles i California frå 11. mai 1970 til 25. mai 1970.[12] Planen til Galluci som produsent var å spele inn eit dusin forsøk av kvar song kvar dag og plukke ut dei som skulle vere med på albumet. Den første dagen bestod av lydsjekk og ein gjennomgang av songane dei hadde førebudd. Heile bandet nytta øyretelefonar med bass og trommer isolerte av lydskjermar, medan Iggy song gjennom ein kondensormikrofon på stativ.[13] Resultatet var i følgje bandet forferdeleg. Dei merka seg atmosfæren i studio med lyddemparar og isolatorar. For å oppnå visjonen til the Stooges og Galluci, fjerna dei alt slikt frå studioet for å få ei konsertkjensle. I følgje Galluci sette dei så opp bandet slik dei normalt ville ha gjort på ein konsert. Til dømes song Iggy vokalen gjennom ein handheldt mikrofon og gitar- og bassforsterkarane var plasserte side om side.
Iggy Pop indikerte at Howlin' Wolf var «verkeleg relevant for meg på Fun House. Det greiene er Wolfy, i det minste slik eg kunne gjere det»[14]
The Stooges hadde tenkt å nytte «Loose» som opningsspor, men Elektra, meinte at «Down On The Street» ville vere ein sterkare opningslåt.[15]
Ein alternativ versjon av «Down On The Street» med eit Doors-aktig orgel oppå av Gallucci, vart teken frå albumet og gjeven ut som singel.[15] Singelen kom ut same månad som Fun House, og gjorde det noko betre på listene.
Remove ads
Innverknad
Mange artistar har omtalt Fun House som favorittalbumet sitt, som Joey Ramone, Mark E. Smith, Jack White, Nick Cave, Henry Rollins (i lag med The Velvet Underground sitt White Light/White Heat), Buzz Osborne frå Melvins,[16]
I 2003 vart albumet rangert på 191. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[17]
I 1998 plasserte det Paris-baserte musikkmagasinet Rock & Folk Fun House øvst på deira «discothèque idéale».
I 2010 vart Fun House rangert på 25. plass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaralbuma.[18] Songen «Dirt» vart rangert på 46. plass på lista deira over dei 50 beste gitarsoloane.[19]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av The Stooges (Dave Alexander, Ron Asheton, Scott Asheton og Iggy Pop)
Medverkande
- The Stooges
- Iggy Pop – vokal
- Ron Asheton – gitar
- Dave Alexander – bassgitar
- Scott Asheton – trommer
- Steve Mackay – saksofon
Teknisk
- Don Gallucci – produksjon, orgel overdub
- Brian Ross-Myring – nymastering, lydteknikar
- Tom Hummer – assisterande lydteknikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads