David Nielsen

dansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

David Nielsen
Remove ads

David Nielsen (fødd 1. desember 1976) er ein dansk fotballspelar og -trenar. Han spelte for norske Brann ut 2010-sesongen, då han la opp som toppfotballspelar. Sidan har han vore spelar og trenar i Fyllingen, assistenttrenar i Løv-Ham og, frå sommaren 2011, trenar i Nest-Sotra Fotball.[1]

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Karriere som spelar

Nielsen starta karrieren i Skagen på aldersbestemte lag. Angriparen har spelt ei rekkje aldersbestemte landskampar for Danmark. U-16 3 kamper, 3 mål U-17 21 kamper, 14 mål U-19 18 kamper, 13 mål U-21 4 kamper, 3 mål

Frå hausten 2006 til sommaren 2007 spelte Nielsen for IK Start. Etter dette gjekk han til Odense Boldklub før han vart lånt ut til Strømsgodset for 2008-sesongen.

SK Brann

Den 26. januar 2009 vart det klart at Nielsen hadde signert ein halvtanna års kontrakt med Sportsklubben Brann. Brann-spissen Demba-Nyrèn signerte for OB og Odense betalte eit beløp som i pressen vart hevda å vere mellom 7-8 millionar. I avtalen låg òg ein overgang for David Nielsen. David Nielsen speler med draktnummer 10 i Brann.

Under ein heimekamp mot Stabæk den 22. mars 2009 kolliderte Nielsen med medspelar Karadas, og vart liggjande blødande på banen.[2] Episoden skapte litt kontrovers, då Nielsen ville tilbake på banen og Brann-legane tillet dette, sjølv om dansken enda på sjukehus etter kampen.[2]

Remove ads

Utanomsportsleg

På starten av 90-talet var David Nielsen forsongar i rockbandet Concrete Puppet Frog, som seinare vart til moi Caprice. Nielsen har i sine tidlegare klubbar vore innblanda i ein del bråk. Han har vorte sikta av Politiet for å ha slått ned Viking-spelaren Allan Gaarde i 2004[3], under ei trening der dei begge spelte saman i Aalborg

Hausten 2008 skapte han stor kontrovers med sjølvbiografien sin Sorte svin der han mellom anna innrømmer at han med vilje prøvde å tape ein kamp mot FC Københamn. Tap i den kampen ville føre til at FCK vart seriemeistrar og klubben Aalborg, som Nielsen spelte for, ville sikrast ein plass i UEFA-cupen som følgje av at dei hadde tapt den danske cupfinalen for FCK same sesong. David Nielsen var etter eige utsegn i pengeproblem på denne tida og ein plass i UEFA-cupen ville gjeve han ein bonus på 300 000 danske kroner. Desse innrømmingane førte mellom anna til at klubben hans Odense ikkje ønskte han tilbake etter utlånet i Strømsgodset.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads