Dazed and Confused
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dazed and Confused er ein song av Jake Holmes, som vart spela av The Yardbirds, og seinare omarbeidd av Led Zeppelin som har ein eigen opphavsrett på songen.[1]
Jake Holmes
Visesongaren Jake Holmes skreiv og spela inn «Dazed and Confused» for debutalbumet sitt, "The Above Ground Sound" of Jake Holmes, som kom ut i juni 1967. Som andre songar på albumet inneheld han ikkje trommer. Songen vart spelt inn som ein trio med Holmes på gitar i tillegg til piano og vokal, Ted Irwin på gitar og Rick Randle på bass.[2][3] Songen har feilaktig vorte merka som ei soge om ein dårleg LSD-trip. Holmes har sjølv stadfesta at det ikkje er tilfellet.[4]}} I juni 2010 saksøkte Jake Holmes Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page for brot på opphavsretten, og hevda å ha skrive og spelt inn «Dazed and Confused» to år før han kom ut på debutalbumet til Led Zeppelin. I retten dokumenterte Holmes registreringa av opphavsrettten frå 1967, som vart fornya i 1995..[5]
Remove ads
The Yardbirds
Under ein turne i 1967 i USA spelte Jake Holmes som oppvarming for The Yardbirds i Village Theater i Greenwich Village den 25. august 1967.[6] The Yardbirds var inspirerte av framføringa hans og valde å gjere sitt eige arrangement for ein ny song. Denne versjonen inneheld lange instrumentale parti med gitar spelt med fiolinboge av Jimmy Page. Page har sagt ath an fekk ideen om å nytte fiolinboge på gitaren frå fiolinisten David McCallum, Sr., då han var studiomusikar før han kom med i Yardbirds i 1966.[7] Songen vart kjapt ein fast del av konsertane til The Yardbirds det siste året dei eksisterte.
Songen vart aldri innspelt av bandet, sjølv om det finst konsertversjonar på albumet Live Yardbirds: Featuring Jimmy Page med den alternative tittelen «I'm Confused».[8]
Remove ads
Led Zeppelin-utgåva
Då the Yardbirds vart oppløyst i 1968, vart songen «Dazed and Confused» omarbeidd av Page igjen, denne gongen som medlem av Led Zeppelin. I følgje bassisten i Led Zeppelin John Paul Jones, var første gongen han høyrte songen under den aller første øvinga til bandet i Gerrard Street i London i 1968: «Jimmy spelte oss riffa på den første øvinga og sa, dette er ein song eg vil at me skal gjere.»[9] Led Zeppelin spelte inn versjon sin i oktober 1968 i Olympic Studios i London, og songen vart gjeven ut på debutalbumet Led Zeppelin i 1969.
Led Zeppelin-utgåva vart ikkje tilskriven Holmes, berre Page, som hadde skrive ny tekst og endra melodien nok til å unngå og verte skulda for plagiat.[3][10][11] Holmes gjorde ingenting då songen kom ut, men tok seinare kontakt med Page om saka.[12] I juni 2010 saksøkte Holmes Page for brot på opphavsretten.[13]
Tolkinga til Led Zeppelin starta med ein langsam bluesaktig rytme, drive fram av den fallande basslinja til John Paul Jones. Han endra så til eit raskare tempo under dei mørkaste partia av songen, igjen med gitar spelt med fiolinboge av Page, etterfølgd av ein rasande gitarsolo, før ein går attende til den opphavlege rytmen. Den sporadiske, eksplosive tromminga til John Bonham gjennom songen var med å definere krafta og intensiteten i songen, samt ein av signaturrytmane til Bonhan, Bonham-triolen, medan Robert Plant medverka med falsettvokal som passa inn med den forpinte teksten til songen.[14]
Dette var ein av tre Led Zeppelin-songar der Page nytta bogen på gitaren.
Konsertutgåve av Led Zeppelin
«Dazed and Confused» vart ofte mykje spela på konsertane til Led Zeppelin, særleg fram til «Whole Lotta Love» vart gjeven ut på det andre albumet. Songen vart på konsertane spelt enno langsamare, bortsett frå dei raskare partia i midten, og vart gradvis lengre og lenger (opp til 45 minuttar i 1975) med mange improviserte jammar. Han vart i starten spelt slik som på studioalbumet, men endra seg gradvis over åra. Etter kvart blanda dei òg inn bitar av andre songar inn i dei lange instrumentalpartia.
Konsertversjonar av «Dazed and Confused» finst på konsertfilmen The Song Remains the Same, Led Zeppelin BBC Sessions, How the West Was Won og Led Zeppelin DVD.
«Dazed and Confused» vart spelt på alle Led Zeppelin-turneane fram til 1975.[15] Han vart så fjerna frå konsertsettet. Han vart igjen spela på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.
Remove ads
Kulturell innverknad
Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.
Songen vart nytta som tittel på filmen Dazed and Confused i 1993. Regissør Richard Linklater ønskte å nytte songen i filmen, men fekk ikkje lov av Robert Plant.[16][17]
Lovord
(*) uordna liste.
Remove ads
Medverkande
Andre versjonar
Tilskriven Page
Albumversjonar
|
|
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads