Death on Two Legs (Dedicated to...)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Death on Two Legs (Dedicated to...)» er ein song av den britiske rockegruppa Queen, og opningssporet på det fjerde studioalbumet deira, A Night at the Opera. Songen vart skriven av Freddie Mercury og skildra visstnok hatet hans mot den tidlegare manageren til Queen, Norman Sheffield, som skal ha mishandsama bandet og manager-rolla si frå 1972 til 1975.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Songen vart spelt inn og miksa i Sarm East Studios seint i 1975. Som med «Bohemian Rhapsody», vart dei fleste gitarpartia på songen først spelte på piano av Mercury, for å vise Brian May korleis dei skulle spelast på gitar.

Remove ads

Tekst

Songen vert rekna som «hatbrevet» til Freddie Mercury mot den tidlegare manageren til Queen, Norman Sheffield. Mercury har sagt at teksten var «så hemngjerrig at Brian ikkje likte å syngje han.»[1] Sjølv om songen ikkje har nokre direkte referansar til Sheffield, vart han rysta då han høyrte songen ved Trident Studios då albumet kom ut, og saksøkte både bandet og plateselskapet for injurie. Saka enda med eit forlik,[2] men synte slik at han hadde eit samband til songen.

I sjølvbiografien sin i 2013, Life on Two Legs: Set The Record Straight,[3] nekta Norman Sheffield for å ha behandla bandet dårleg som manager og synte til kopiar av den originale kontrakten mellom han sjølv og Queen frå 1972.

Sheffield døydde i 2014.[4]

Under konsertane dediserte Mercury vanlegvis songen til «ein sann jævel av ein gentleman». Denne linja vart sensurert på albumet Live Killers i 1979.

Remove ads

Konsertopptak

«Death on Two Legs» vart ofte framført av QUeen fram til og med The Game-turneen. Det finst eit konsertopptak av songen, frå 1979 på albumet Live Killers. Pianointroduksjonen vart derimot spelt under Hot Space- og The Works-turneane.

Andre versjonar

  • Rooney spelte «Death on Two Legs» i 2005 på hyllestalbumet Killer Queen: A Tribute to Queen.
  • Tony Zaikowski som ein del av «Loser's Lounge»-prosjektet.
  • GoGoGo Airheart.
  • Dream Theater på albumet Uncovered 2003-2005.
  • Heathen i 2004 på EPen Recovered.
  • The Protomen i 2012 på albumet The Protomen Present: A Night of Queen.
  • Shaolin Death Squad i 2015 på EPen As You Become Us

Songen finst som nedlastbart innhald i Rock Band, framført av Queen sjølv.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads