The Works av Queen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Works er det ellevte studioalbumet av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i februar 1984. Etter det synth-tunge Hot Space, gjekk dei på dette albumet attende til rockestilen til Brian May og Roger Taylor, men heldt òg på noko av den retro-futurististke elektropopen frå den tyske elektronica-undergrunnen frå tidleg i 1980-åra (Freddie Mercury) og funkstilen frå New York (John Deacon).

Meir informasjon Queen-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Plata vart spelt inn i Record Plant Studios og Musicland Studios frå august 1983 til januar 1984. Tittelen på albumet kom frå ein kommentar Taylor kom med då innspelinga byrja – «Let's give them the works!». Etter ein konservativ reaksjon på og bannlysing av musikkvideoen til «I Want to Break Free» i USA, valde bandet å ikkje turnere i Nord-Amerika, så albumet nådde ikkje så høgt som det kunne ha gjort på listene der, men selde godt elles i verda (særleg i Europa). På verdsbasis har The Works seld kring fem millionar eksemplar.

Remove ads

Historie

Etter utgjevinga av Hot Space og den påfølgjande turneen i 1982, valde dei fire medlemmane i Queen å ta ein pause frå bandet året etter, der dei konsentrerte seg om soloprosjekt. Bandet hadde planlagt ein vårturné i Sør-Amerika, særleg etter den store suksessen bandet hadde hatt der to år tidlegare, men problem med utstyr og marknadsføring sette ein stoppar for planane.[7] Brian May arbeidde med Eddie Van Halen og andre på Star Fleet Project, medan Freddie Mercury byrja arbeidet med soloalbumet sitt. I august 1983 kom bandet saman att og byrja å arbeide med det ellevte studioalbumet. Det vart det første albumet til Queen for EMI (og det USA-tilknytte Capitol Records) etter at bandet kansellerte avtalen med Elektra for USA, Canada, Australia og Japan.[7]

Innspelinga byrja i Record Plant Studios i Los Angeles – den første gongen Queen spelte inn musikk i Amerika - Musicland Studios i München. På denne tida tilbaud manageren deira Jim Beach høvet til å komponere musikk for filmen The Hotel New Hampshire. Bandet gjekk med på dette, men oppdaga at det gjekk for mykje tid med til å skrive musikk for filmen i staden for det komande albumet, og prosjektet vart skrinlagt.[7] Berre ein song skriven for filmen, «Keep Passing the Open Windows», kom med på The Works. I november 1983 vart Roger Taylor sin «Radio Ga Ga» vald som den første singelen frå albumet. The Works kom ut 27. februar 1984.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Songar

Radio Ga Ga

For meir om dette emnet, sjå Radio Ga Ga.

The Works opnar med «Radio Ga Ga». Han vart skriven på klaverinstrument, etter at Roger Taylor høyrde sonen Felix (som var tre år på den tida) sei «radio ca ca».[7] Han skreiv songen i Los Angeles og låste seg inne i eit studio med ein Roland Jupiter 8 og ein trommemaskin. Sidan kom John Deacon opp med ein høvande basslinje. Freddie Mercury rekonstruerte songen, både musikalsk og tekstmessig. Han var likevel tilskriven Taylor, sidan Mercury var meir enn arrangør enn medlåtskrivar. Fred Mandel, studiomusikaren deira på klaverinstrument, sette i saman eit spor med piano, synth og ein mellombels bass. Brian May brukte slide for gitarsoloen sin. Taylor song all korvokal, og brukte ein Vocoder gjennom songen. Det meste av songen består av elektroniske instrument og synthesizer.

Tear It Up

Det andre sporet, «Tear It Up», er ein song av May, og på ein demoversjon er det han som syng songen i staden for Mercury. HAn vart skriven som eit forsøk på å gjenskape den gamle stilen til Queen. Han har ein hamrande perkusjon liknande «We Will Rock You» som driv songen. Då songen vart framført under The Magic-turneen, spelte May would introen frå «Liar» før han gjekk over i byrjinga av denne songen.

It's a Hard Life

For meir om dette emnet, sjå It's a Hard Life.

Den tredjen songen på The Works, «It's a Hard Life», er ein av May og Taylor sine favorittsongar frå Mercury (men innrømde at dei mislikte sterkt musikkvideoen). May medverka med noko tekst og introduksjonen var basert på Ruggiero Leoncavallo sin «Vesti la giubba», ein arie frå operaen Pagliacci. Mercury spelte piano og song det meste av vokalen, og rettleia May i kva skalaer han skulle bruke for soloen, som vart skildra av May i gitarprogrammet Star Licks som særs «Bohemian Rhapsody»-aktig.

Man on the Prowl

Etter «It's a Hard Life» kjem «Man on the Prowl», ein tre-akkords rockabilly av Mercury (liknande «Crazy Little Thing Called Love») der Mandel spelar pianoet i slutten. Merk at «Tear It Up», «It's a Hard Life», «Is This The World We Created...?» og denne songen er heilt utan synthesizerar. May spelte soloen på ein Fender Telecaster. Denne var planlagt som den femte og siste singelen frå albumet, med ein mellombels utgjevingsdato 19. november 1984,[8] og det vart trykt og sendt ut fleire promokopiar (QUEEN 5) med «Keep Passing the Open Windows», som B-side. Bandet valde i staden å gje ut julesingelen «Thank God It's Christmas».

Machines (Or 'Back To Humans')

Den femte songen på The Works, «Machines (Or 'Back to Humans')», starta som ein ide av Taylor, og May hjelpte til med å skrive songen ferdig. Produsenten Reinhold Mack programmerte synth-«øydelegginga» med ein Fairlight CMI II Sampler, og songen er sungen som ein duett mellom Mercury (som syng i harmoni med seg sjølv over fleire lydspor), og robotstemma til Taylor (ved hjelp av ein Roland VP330 Vocoder). Instrumentalmiksen av songen samplar delar av «Ogre Battle» frå det andre albumet til Queen, Queen II, «Flash» og Larry Lurex sin «Goin' Back» (i røynda Queen (utan Deacon) under eit pseudonym). Denne og «Radio Ga Ga» er dei mest elektroniske songane på albumet.

I Want to Break Free

For meir om dette emnet, sjå I Want to Break Free.

Den sjette songen, «I Want to Break Free», var skriven av John Deacon. Popsongen vert best hugsa for videoen der alle dei fire Queen-medlemmane er kledde som kvinner, ein parodi på den britiske såpeopearen Coronation Street. Taylor kom med ideen til videoen. Mercury kommenterte at 'Alle sprang inn i kjolane sine'. Deacon insisterte på at han ikkje ønskte ein gitarsolo på songen, så Mandel spelte ein synthsolo i staden. På konsertane spelte May soloen på gitar. Versjonen som vart gjeven ut på singel og nytta i musikkvideoen inneheld ei opning og eit mellomspel (etter synthsoloen) som ikkje er ein del av den originale miksen.

Keep Passing the Open Windows

«Keep Passing the Open Windows» er den sjuande songen på The Works og var skriven av Mercury i 1983 for filmversjonen av The Hotel New Hampshire, basert på ein roman av John Irving. Tittelen vert nemnt fleire gonger i filmen, som var medprodusert av manageren til bandet, Jim Beach. Mercury spelte piano og synth og skreiv teksten etter å ha lese sitatet i boka.

Hammer to Fall

For meir om dette emnet, sjå Hammer to Fall.

«Hammer to Fall», den åttande songen, er den andre rockelåten til May på albumet. Konsertversjonane var mykje raskare, og May har òg framført songen på soloturnane sine. Synthane vert spelte av Mandel og dei fleste av vokalharmoniane vert gjort av May sjølv, særleg i mellomspelet (utanom «oh no» som er Taylor). Songen går attende til den gamle Queen-stilen, med songar bygd kring eit hardt og mektig riff. Mercury syng solovokal, medan både Mercury og May syng på refrenget. Musikkvideoen til songen vart regissert av David Mallet, og inneheld konsertklipp av songen frå Brussel.[9] «Hammer to Fall» var ein populær konsertsong og var den tredje songen som bandet spelte på Live Aid i 1985.[10] Songen vart òg spelt på Magic-turneen i 1986.[11]

Is This the World We Created...?

For meir om dette emnet, sjå Is This the World We Created...?.

Albumet vert avslutta med «Is This the World We Created...?» som var skriven i München etter Mercury og May såg nyhende på TV om fattigdomen i Afrika. Songen vart framført på Live Aid som eit ekstranummer. Mercury skreiv det meste av teksten og May skreiv akkordane og små bitar av teksten. Songen vart spelt inn med ein Ovation, men på konsertane nytta May ein Gibson Chet Atkins CE nylonstrenga gitar. Det vart spelt inn piano for songen i studio, men dette vart fjerna frå den endelege miksen.

Andre songar

Thank God It's Christmas

For meir om dette emnet, sjå Thank God It's Christmas.

Denne songen, skriven av May og Taylor, vart gjeven ut som ein julesingel i 1984 og seinare som B-sida til singelen «A Winter's Tale» i 1995. Han vart òg gjeven ut på samlealbumet Greatest Hits III i 1999. Det er den einaste julesongen Queen spelte inn.

Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • Fred Mandel: klaverinstrument på «Radio Ga Ga», «I Want to Break Free» og «Hammer to Fall», piano på «Man on the Prowl» (slutten), sampler på «Radio Ga Ga»
  • Reinhold Mack: Fairlight CMI-programmering på «Machines (Or Back to Humans)», lydteknikar
  • Mike Beiriger: assisterande lydteknikar
  • Stefan Wissnet: assisterande lydteknikar
  • Ed Delena: assisterande lydteknikar
  • Bill Smith: plateomslag
  • George Hurrell: fotografi
Remove ads

Lister

Meir informasjon År, Liste ...
Remove ads

Salstrofé

}

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads