Dedicated to the One I Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dedicated to the One I Love» er ein song skriven av Lowman Pauling og Ralph Bass som var ein hit for The "5" Royales, The Shirelles og The Mamas & the Papas.[1] Pauling var gitarist for The "5" Royales, gruppa om spelte inn den originale versjonen av songen, produsert av Bass, i 1957. Versjonen deira kom ut på ny i 1961 og nådde 81. plassen på Billboard Hot 100.[2]
Remove ads
The Shirelles-versjonen
Ein versjon av den amerikanske jentegruppa The Shirelles[1] nådde 83. plassen på den amerikanske hitlista i 1959.[3] Denne versjonen kom ut på ny i 1961 og klatra då heilt til tredjeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på R&B-lista.[4] Songen vart utgjeven på albumet deira Tonight's the Night i 1961.
The Mamas & The Papas-versjonen
Ein populær versjon vart spelt inn av The Mamas & the Papas[1] og gjeven ut på Dunhill. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i 1967.[5] Denne versjonen nådde òg andreplassen på UK Singles Chart.[6] Hovudsongaren på denne versjonen var Michelle Phillips. Det var første gongen Phillips song solo på åein song og ikkje Cass Elliot. Songen kom ut på albumet The Mamas & The Papas Deliver i 1967.
Remove ads
Andre versjonar
- 1965: Johnny Preston gav ut ein versjon av songen ssom B-side til singelen hans «Running Bear '65».[7]
- 1965: Reparata and The Delrons spelte inn songen på albumet deira Whenever a Teenager Cries.
- 1967: The Lettermen gav ut ein versjon av songen på albumet deira Spring![8]
- 1968: The O'Kaysions gav ut ein versjon av songen på debutalbumet deira, Girl Watcher[9] og som B-ide til singelen deira, «Love Machine».
- 1972: The Temprees-versjonen åndde 17. plassen på R&B-lista i USA og 93. plassen på Billboard Hot 100.[10]
- 1973: Ruben and the Jets gav han ut på albumet deira For Real!
- 1981: Bernadette Peters spelte inn ein versjon som nådde 65. plassen på Hot 100 i USA.[11]
- 1994: Bitty McLean spelte in ein reggae-versjon av songen, som nådde sjetteplassen på UK Singles Chart.[12]
- 1996: Linda Ronstadt gav ut songen som tittelsporet på albumet hennar Dedicated to the One I Love.
- 1998: Tanya Stephens spelte inn songen for albumet Ruff Rider.
- 2000: Holly Cole gav ut songen på albumet hennar Romantically Helpless.
- 2001: Rosie & the Originals spelte inn ein acappella versjon for albumet deira Angel Baby Revisited.
- 2007: Renée Geyer spelte inn ein versjon på albumet hennar Dedicated.
- 2013: Wilson Phillips inkluderte songen på albumet deira Dedicated.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads