Deep in the Motherlode

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Deep in the Motherlode», òg kalla «Go West Young Man (In the Motherlode)»[1], er ein song framført og spelt inn av Genesis, med tekst og musikk av Mike Rutherford. Han kom ut som det sjette sporet på albumet deira ...And Then There Were Three... i 1978 med tittelen «Deep in the Motherlode».

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Genesis-kronologi ...

Songen fortel ei soge om ein mann på reise under gullrushet i Nevada og familien som bad han om å skaffe så mykje gull som mogeleg.

Ei «mother lode» (hovudåre) er ei særskild rik åre med verdifullt metall i ei gruve. Teksten «Go West, young man» er ein referanse til Horace Greeley, som 13. juli 1865 skreiv: «Go West, young man, go West and grow up with the country.»

Songen vart framført av Genesis på turneen deira i 1978 og vart ofte nytta som opningsnummer på turneen deira i 1980, men har ikkje blitt spelt sidan den gongen. I Japan og Nord-Amerika vart songen gjeven ut på singel, men då kalla «Go West Young Man (In the Motherlode)».[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads