Turn It On Again
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Turn It On Again» er ein singel av det britiske bandet Genesis frå albumet Duke frå 1980. Singelen nådde åttandeplassen i Storbritannia.[1]
Teksten, som var skriven av Mike Rutherford,[2] omhandlar ein mann som berre sit heime og ser på fjernsyn, og vert så besett av folka han ser på skjermen at han trur dei er venene hans.
Songen har ein kompleks rymtisk struktur som er uvanleg for popmusikk. Verset og refrenget byter takt frå 6/4 til 7/4 (13/4),[3] medan introduksjonen og mellomspelet er i 4/4 og 5/4 (9/4).
«Turn It On Again» vart mykje spelt på konsertane til Genesis og samlealbumet deira frå 1999, Turn It On Again: The Hits, er kalla opp etter songen, og det same var turneen deira i 2007, Turn It On Again: The Tour.
«Turn It On Again» har vorte nytta som musikk i ein reklame for General Motors. Han er òg med i spelet Grand Theft Auto: Vice City Stories. Songen vart spelt av Dream Theater på albumet A Change of Seasons.
Remove ads
Salslister
Medverkande
- Phil Collins - trommer, perkusjon, solovokal
- Tony Banks - klaverinstrument, korvokal
- Mike Rutherford - gitar, bassgitar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads