Dei tolv juledagane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dei tolv juledagane
Remove ads

Dei tolv juledagane er ein del av kyrkjeåret i dei fleste kristne kyrkjene.[1] I mange vestlege kyrkjer dekkjer omgrepet same tidsrom som julekrinsen, frå juledagen 25. desember til og med heilagetrekongarsaftan 5. januar.[2] For mange kyrkjesamfunn (som den anglikanske og den lutherske kyrkja) er dei tolv dagane identisk med juletida,[3][4] men for andre, som den katolske kyrkja, varer kyrkjetida lengre enn dei tolv dagane.[5]

Thumb
Julemesse avbilda i Les Très Riches Heures du duc de Berry frå 1410-talet.

I 567 fastla kyrkjemøtet i Tours dei tolv juledagane som ei heilag høgtid til å feira, med faste i advent som ei plikt for å førebu seg til feiringa.[6][7][8][9][10] Ifølgje historikarar som Christopher Hill og William J. Federer blei dette gjort for å koordinera bruken av den julianske kalenderen i det vestlege Romarriket med dei månebaserte kalendrane ein nytta i dei austlege provinsane av riket.[11][12][13]

Kyrkjemøtet merka seg at dagane mellom fyrste juledag og Kristi openberringsdag alle var festdagar for ulike helgenar, slik at munkar ikkje trengte fasta på desse dagane.[14] Dei fyrste tre dagane av året skulle vera fylt av bøn og soning, slik at truande kristne skulle la vera å ta del i dei ville og heidenske markeringane av nyttårfeiringa. Det fjerde kyrkjemøtet i Toledo i 633 gjekk inn for ein streng faste i desse dagane, lik fastetida før påske.[15][16]

Thumb
'Tolvte natta (kongen drikk') av David Teniers ca. 1634-1640

I England i mellomalderen var dette ein periode av uavbroten festing, med eit klimaks på den tolvte dagen, Twelfth Night, som tradisjonelt markerte enden på juletida. I tudortida blei denne siste dagen kulturlet befesta då William Shakespeare brukte han som bakgrunn for eit av dei best kjende stykka sine, Twelfth Night. Ofte blei det vald ut ein Lord of Misrule til å leia julefeiringa.[17] Julesongen «Twelve Days of Christmas» viser også til desse dagane.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads