Twelve Days of Christmas
kummulativ folkevise From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Twelve Days of Christmas» er ein engelsk julesong som lister opp eit stadig aukande tal gåver som blir gjeve på kvar av dei tolv dagane i den tradisjonelle juletida.[1][2]

- Denne artikkelen handlar om songen. For tidsrommet, sjå dei tolv juledagane.

Songen blei først gjeven ut i England i 1780 som ei regle utan musikk. Truleg har han fransk opphav.[3]
«Twelve Days of Christmas» er nummer 68 i Roud Folk Song Index. Innsamla versjonar har fleire ulike melodiar. Den vanlegaste melodien ein bruker til å synga han i dag kjem frå eit arrangement av ein tradsjonell melodi frå 1909 utført av komponisten Frederic Austin. Her blei den no vanlege forlenginga av det femte verset med «five gold rings» innført.
Remove ads
Tekst


«The Twelve Days of Christmas» er ein reglesong der kvart nytt vers gjev eit tillegg til tidlegare vers. I kvart av dei tolv versa gjev «my true love» ei ny gåve on one of the twelve days of Christmas. Kvar dag aukar talet på gåver med ein, slik at det på den tolvte dagen blir send tolv gåver.
Teksten har mange variasjonar. Under er teksten frå Frederic Austin si utgåve i 1909, som er blitt den vanlegaste varianten.[4] Dei første tre fullstendige versa er som følgjer:
On the First day of Christmas my true love sent to me
a Partridge in a Pear Tree.
On the Second day of Christmas my true love sent to me
Two Turtle Doves
and a Partridge in a Pear Tree.
On the Third day of Christmas my true love sent to me
Three French Hens,
Two Turtle Doves
and a Partridge in a Pear Tree.
Dei neste versa følgjer same mønster. Kvart av dei legg til ei ny gåve og nemner opp att alle dei tidlegare gåvene, slik at kvart vers blir ei linje lenger enn det føre:
- 4 Calling Birds
- 5 Gold Rings
- 6 Geese a-Laying
- 7 Swans a-Swimming
- 8 Maids a-Milking
- 9 Ladies Dancing
- 10 Lords a-Leaping
- 11 Pipers Piping
- 12 Drummers Drumming
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads