Delawareelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Delaware-elva er ei stor elv ved atlanterhavskysten av USA. Ho er den lengste frittflytande (uoppdemde) elva i austlege USA. Frå elva oppstår i Hancock i New York renn elva 454 km[1] langs grensene til New York, Pennsylvania, New Jersey og Delaware, før ho munnar ut i Delawarebukta.
Remove ads
Geografi
Delawareelva har kjelde i Catskillfjella i New York, der dei to bielvane hennar West Branch ved Mount Jefferson og East Branch ved Grand Gorge har utspring. Desse elvene renn saman til Delawareelva ved Hancock i New York. Elva møter tidvatnet ved Trenton i New Jersey. Den totale lengda hennar frå utspringet til den lengste greina av utløpet er på 660 km, medan sjølve elva ovanfor Delawarebukta berre er 579 km lang. Den gjennomsnittlege vassføringa er 330 m³ per sekund. Nedbørsfeltet har eit areal på 14 119 km² i fem amerikanske delstatar: New York, New Jersey, Pennsylvania, Maryland og Delaware. Elva flyt 674 km inn i Delawarebukta, der vatnet går ut i Atlanterhavet i nærleiken av Cape May i New Jersey og Cape Henlopen i Delaware. Om ein ser bort frå Delawarebukta utgjer lengda på elva, inkludert dei to sideelvane hennar, 624 km.[a][2] Delaware-elva er eit av nitten «store vatn» som er anerkjende av Great Waters Coalition.[3]
Remove ads
Grenseelv
Elva blei utforska av nederlandske Adriaen Block som del av kolonien Ny-Nederland og fekk namnet Sørelva for å markera den sørlegaste grensa til kolonien.
Delaware utgjer no delar av grensa mellom Pennsylvania og New York, heile grensa mellom New Jersey og Pennsylvania og heile grensa mellom Delaware og New Jersey.
Bilete
- Washington Crossing the Delaware er Emanuel Leutze si idealiserte framstilling av generalen George Washington som kryssar Delawareelva under den amerikanske sjølvstendekrigen i 1776.
- Delaware renn ut i atlanterhavskysten av USA.
- Delawareelva fløymer over ved Westfall Township i Pennsylvania.
- Elva innanfor den sørlege delen av Delaware Water Gap National Recreation Area, nær Worthington State Forest i New Jersey.
- Delen som er att av Delaware og Hudson-kanalen ved Summitville i New York.
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads