Den antarktiske innlandsisen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den antarktiske innlandsisen
Remove ads

Det antarktiske isdekket er ein av to polare isdekke på jorda. Han dekkjer kring 98 % av Antarktis og er den største ismassen på jorda. Han dekkjer nesten 14 millionar kvadratkilometer og inneheld 30 millionar kubikkilometer med is. Det er omtrent 61% av all ferskvatnet på jorda, eller tilsvarande 70 meter med vatn i verdshava. I Aust-Antarktis kviler iskalotten på ein stor landmasse, men i Vest-Antarktis strekkjer seg isen seg meir enn 2500 meter under havnivå. Dette ville ha lagt under vatn om ikkje isen var der.

Thumb
Samansett satelittbilete av Antarktis.
Thumb
Overflatetemperaturen i Antarktis mellom 1981 og 2007, basert på observasjonar av varmeutstrålinga frå ei rekkje satellittar frå NOAA. Overflatetemperaturen samsvarar ikkje nødvendigvis med trendane for lufttemperaturen.[1]
Thumb
Klimatiske temperaturendringar gjennom kenozoikum, som syner nedisinga i Antarktis mot slutten av eocen, og smeltinga nær slutten av oligocen og så den nye nedisinga i miocen.
Remove ads

Historie

Nedisinga i Antarktis byrja med isfløting frå midten av eocen for kring 45,5 million år sidan[2] og eskalerte i indre område under utryddingshendinga i eocen-oligocen for kring 34 million år sidan. CO2-nivåa var då kring 760 ppm[3] og hadde minka frå tidlegare nivå på fleire tusen ppm. Minken i karbondioksid, med eit vippepunkt på 600 ppm, var hovuddrivkrafta bak nedisinga av Antarktis.[4] Nedisinga skjedde samstundes med at banen til jorda kring sola var i eit stadium med kjølige somrar, men oksygenisotopanalysar syner at endringa av desse oksygenisotopane var for store til å kunne forklare isveksten i Antarktis åleine, og indikerer ei større istid.[5] Opninga av Drakesundet kan ha spelt ei rolle i tillegg[6] men datamodellar av endringa indikerer at endringa i CO2-nivåa hadde størst tyding.[7]

Remove ads

Endringar

Iskalotten får tilførst is i form av nedbør som snø. Denne snøen vert så pakka saman og dannar isbreis, som flyttar seg på grunn av tyngdekrafta mot kysten. Det meste av isen vert flytta til kysten via rasktflytande isstraumar. Isen går så ut i sjøen og dannar ofte enorme, flytande isbremmar. Desse isbremmane smeltar så eller kalvar og skapar isfjell som til slutt smeltar.

Om overføringa av is frå land til sjø vert balansert av snø som fell over land, så vil det ikkje vere noko nettobidrag til den globale havnivåendringa. Ein analyse av satellittdata frå NASA i 2002 basert på data frå 1979–1999 syner at sjølv om innlandsisen minkar, var det dobbelt så mange område i Antarktis der sjøisen auka i staden for minka,[8] Den generelle trenden syner at eit varmare klima på den sørlege halvkula vil transportere meir fukt til Antarktis, slik at innlandsisen veks, medan kalvinga langs kysten vil auke, slik at desse områda krympar. Satellittdata frå 2006 syner at endringar i gravitasjonen til ismassen, indikerer at den totale ismengda i Antarktis har byrja å minke dei siste få åra.[9] Ein annan nyare studie samanlikna isen som forsvann frå innlandsisen, ved å måle issnøggleiken og tjukkleiken langs kysten, i forholda snøakkumuleringa på kontinentet. Studien synte at Den austantarktiske innlandsisen var i balanse, medan Den vestantarktiske innlandsisen mista masse. Dette kjem stort sett av at isstraumar som Pine Island-breen flyttar seg raskare enn før. Desse resultata stemmer overeins med gravitasjonsendringane.[10][11]

I følgje ein studie i 2009 aukar middeltemperaturen på overflata av Antarktis og med den signifikante verdien på meir enn 0,05 °C/tiår sidan 1957.[12][13][14][15] Vest-Antarktis har blitt meir enn 0,1 °C/tiår dei siste 50åra, og denne oppvarminga er størst om vinteren og våren. Sjølv om dette delvis vert oppheva av ei avkjøling i Aust-Antarktis, var denne effekten avgrensa i 1980-åra og 1990-åra.[12][13][14]

Havisanomaliar i Antarktis følgjer omtrent det same mønsteret som oppvarming, med størst nedgang i havisen utanfor Vest-Antarktis. Havisen utanfor Aust-Antarktis har auka sidan 1978, men ikkje med ei statistisk signifikant mengd. Den atmosfæriske oppvarminga har vore direkte knytt til det nyare massetapet i Vest-Antarktis. Dette massetapet kjem truleg av auka smelting av isbremmane på grunn av endringar i havsirkulasjonen (som igjen er knytte til endringar i den atmosfæriske sirkulasjonen, som òg kan forlare oppvarminga i Vest-Antarktis). Smeltinga av isbremmane fører igjen til at isstraumane flyttar seg raskare.[16] Smeltinga av dei flytande isbremmane har likevel liten effekt på havnivået, noko som kjem av skilnader i saltinnhaldet.[17][18][19] Den viktigaste konsekvensen av at isbremmane smeltar er at dei har fungert som korkar som har halde isstraumane saktegåande, medan isstraumane aukar når isbremmen er borte og det ikkje er noko som stoppar dei.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads