Den autonome regionen Tibet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den autonome regionen Tibet[a] (TAR) er ein region i Folkerepublikken Kina, skipa i 1965. Området er omstritt, ettersom Kina og India ikkje er samde om kvar grensene for regionen går. I tillegg kjempar mange tibetanarar, leidde av den fjortande Dalai Lama for sjølvstende for Tibet etter dei historiske grensene. Desse omfattar mykje av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i tillegg til regionen Tibet.[1]

- For det historiske landet Tibet, sjå Tibet.
Remove ads
Geografi
Den autonome regionen Tibet grensar til Xinjiang i nord, Qinghai i nordaust, Yunnan og Sichuan i aust, India i vest og sør, Nepal og Bhutan i sør og Myanmar i søraust. Hovudstaden er Lhasa, både etter tibetansk og kinesisk syn.
Regionen omfattar eit område på 1 228 400 km2 og har om lag 3,7 millionar innbyggjarar. Han har med det lågast folketal av alle dei kinesiske provinsane og regionane. Mykje av grunnen til dette er barskt og ulendt terreng; då regionen har ei gjennomsnittshøgd på 4000 moh. Styreleiar for regionen er Padma Choling.
Remove ads
Administrasjon

Regionen er inndelt i 7 prefektureiningar:
- Ngari
- Nagqu
- Qamdo
- Xigazê
- Lhasa
- Shannan
- Nyingchi
Desse sju er inndelt i til saman 73 fylke, og fylka er inndelt i til saman 692 kommunar; anten bykommunar, kommunar, etniske kommunar eller subdistrikt.
Merknader
- forenkla kinesisk 西藏自治区, pinyin Xīzàng Zìzhìqū, tibetansk བོད་རང་སྐྱོང་ལྗོངས། (Wylie Bod-rang-skyong-ljongs) • Berre Tibet : forenkla kinesisk 西藏, pinyin Xīzàng, tibetansk བོད་ (Wylie Bod).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads