Guernsey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey.[2] Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.
Remove ads
Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.
Namnet, Guernsey, kjem frå normannisk green(s)ey som tyder 'Den grønne øya'.[3]
Remove ads
Politikk
Guernsey er ein bailiwick (fogdesokn) med kong Charles III som statssjef. Kongen er representert i fogdesoknet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Deliberation, som består av fogden (Bailiff), generaladvokaten, generalsakføraren, 45 valde folkerepresentantar og to representantar frå Alderney.
Regjeringa til Guernsey vert leia av ein statsminister vald av States of Deliberation.
Det er ingen politiske parti på Guernsey.
Remove ads
Transport
Det finst hamner i sokna St Peter Port og St Sampson. Guernsey har òg to flyplassar (Guernsey Airport og Alderney Airport) og 5 km jernbane i Alderney.
Administrativ inndeling
![]() |
Administrativt er øya Guernsey delt inn i ti sokn.
- Castel
- Forest
- St Andrew
- St Martin
- St Peter Port
- St Pierre du Bois
- St Sampson
- St Saviour
- Torteval
- Vale
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads