Den internasjonale romstasjonen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den internasjonale romstasjonen
Remove ads

Den internasjonale romstasjonen er ein romstasjon som går i omlaup rundt jorda i ei høgd på omtrent 386 km. Den reelle høgda vil heile tida vere litt over/under, ettersom stasjonen heile tida vert påverka av tyngdekrafta frå jorda, og av rakettane som jamleg vert avfyrt for å motverka denne.

Kjappe fakta Mannskap, Masse ...

Den første modulen til romstasjonen, kalla «Zarja», vart skoten opp i 1998. Romstasjonen har vore bemanna sidan 2. november 2000. 16 land har teke del i byggeprosjektet som er verdas største vitskaplege samarbeidsprosjekt nokosinne.

Remove ads

Historie

Då romferjeprogrammet vart fullført ved byrjinga av 80-talet, annonserte den amerikanske presidenten Ronald Reagan ein plan om å byggje ein permanent bemanna romstasjon. Denne planlagde romstasjonen fekk namnet «Freedom». Den amerikanske organisasjonen NASA sette straks i gang undersøkingar om kva ein kunne nytte ein slik stasjon til. Ein såg for seg stasjonen blant anna som ein verkstad for øydelagde satellittar, som observasjonspost for astronomar og som eit laboratorium både for forskarar og betalande bedrifter, samt mykje anna. NASA feilberekna kor mykje romstasjonen ville koste, og etter mange budsjettkutt med tilsvarande nedskjeringar i kva oppgåver ein kunne nytte Freedom til, vart kongressen i 1993 trøytt av å løyve pengar til prosjektet. Då Sovjetunion vart oppløyst i 1991, var det politiske landskapet og annleis enn før. Romkappløpet mellom dei to supermaktene var slutt, og dåverande president Bill Clinton kunne kunngjera at romstasjonen Freedom vart endra til Den internasjonale romstasjonen, eit samarbeidsprosjekt på tvers av landegrenser.

Den første modulen som vart skoten opp, var modulen Zarja. Modulen vart skote opp den 20. november 1998. Zarja leverer oksygen, straum, vatn og står for kommunikasjon med jorda. Sjølv om Zarja berre var konstruert for å fly opp til 6-8 månader åleine, tok det nesten to år før service modulen Zvevda kunne skytast opp og kopla seg til den 26. juli 2000. I mellomtida hadde amerikanarane skote opp modulen Unity, den første av tre tilkoplingspunkt mellom dei ulike modulane av romstasjonen. Med dei tre modulane Zvevda, Unity og Zarja tilkopla, kunne den første ekspedisjonen gå inn i romstasjonen den 2. november 2000.

Remove ads

Noverande status

Den internasjonale romstatsjonen er det romfartøyet som er blitt vitja av flest folk i romfartshistorien (159 vitjingar av 124 ulike personar fram til 11. september 2006).

Bygginga av den internasjonale romstasjonen har til no vorte dyrare enn kva ein tidlegare hadde rekna med. Prosjektet er og forseinka etter at Columbia-ulykka førte til at NASA måtte innstille alle planlagde turar med romferjene. Medan alle dei amerikanske romferjene vart sett på bakken, måtte mannskapbytte skje med det russiske romfartøyet Soyuz. Ein utsette den vidare konstruksjonen av romstasjonen, og reduserte forsøka som vart gjort om bord stasjonen, ettersom ein måtte kutte ned på mannskapet om bord frå tre til berre to personar så lenge ein ikkje kunne nytte ferjene. Då ein starta opp att romferjeprogrammet, vart mannskapet på den Internasjonale romstasjonen oppjustert til 3 igjen. Det skjedde då den tyske ESA-astronauten Thomas Reiter kunne slutte seg til ekspedisjon 13 frå romferja Discovery. Pr, Oktober 2006 har det vore 14 ekspedisjonar til den internasjonale romstasjonen for å utføre diverse eksperiment, medan ein framleis held på med arbeidet for å ferdiggjera romstasjonen. Ein reknar med at romstasjonen ikkje er ferdig før tidlegast 2010. Det er då planlagd at NASA skal pensjonere sine fem resterande romferjer for eit nytt transportsystem.

Meir informasjon Ekspedisjon, Mannskap (kaptein i kursiv) ...
Remove ads

Trivia

Amerikanararen Dennis Tito vart den første betalande romturisten då han betalte 20 millionar dollar for å komme om bord eit russisk romfartøy til Den internasjonale romstasjonen.

Den 10. august 2003 var romstasjonen og åstad for det første giftarmålet ute i rommet då den russiske kosmonauten Yuri Malenchenko gifta seg med Ekaterina Dmitrieva som under viinga var til stades i Texas.

Ekspedisjonar

Alle permanente stasjonsmannskapa får namnet «Expidition N», der N er eit nummer som vert auka med ein for kvar ekspedisjon. Ekspedisjonane har ei gjennomsnittslengd på opphaldet på eit halvt år. Korttidsvitjarar og romturistar vert ikkje talde med som ekspedisjonsmedlemar.

Forsking

Norske prosjekt

Forsking på «bemannet romfart og plantedyrking» i verdsrommet blei drive (og fjernstyrt) av Ciris (eller Senter for tverrfaglig forskning i rommet) i tolv år fram til februar 2018.[2]

Sjå og

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads