Den europeiske romfartsorganisasjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) er ein europeisk romfartsorganisasjon grunnlagd 31. mars 1975.[1] Formålet med organisasjonen er eit fredeleg samarbeid om å utnytte verdsrommet til forsking og næring. Organisasjonen har 22 medlemsland i tillegg til to assosierte medlem (Slovenia og Latvia). Canada er med i ein del av samarbeidet.[2] Organisasjonen har hovudkvarter i Paris i Frankrike. Operasjonssenteret, ESOC, ligg i Darmstadt i Tyskland.
- «ESA» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå ESA (fleirtyding).

Per februar 2005 hadde ESA 1907 tilsette. Budsjettet for 2013 var på omtrent 4282 millionar euro,[3] ein auke frå 2904 millionar euro i 2006. Inntektene til ESA kjem ifrå medlemslanda og står i forhold til kvart land sitt BNP. I tillegg køyrer ESA ei rekkje valfrie program som medlemsland kan velja om dei vil delta på.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads