Den internasjonale tryggingskonferansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den internasjonale tryggingskonferansen (MSC: Munich Security Conference; SiKo: Münchner Sicherheitskonferenz) er eit større arrangement som vert halde kvart år i den bayerske hovudstaden München, på Hotel Bayerischer Hof. Deltakarane på konferansen inkluderer statsleiarar, diplomatar, offiserar, tryggingsekspertar og offentlege personar frå heile verda.
På konferansen vert diskusjonar om aktuelle tryggleiks- og forsvarspolitiske tema tekne opp. Før kvar konferanse vert det gjeve ut ein rapport – Munich Security Report – som legg grunnlaget for diskusjonane under konferansen.[1]
Konferansen vart grunnlagd i 1963 av Ewald-Heinrich von Kleist-Schmenzin.[2] Han vert støtta av den tyske regjeringa, det tyske forsvar, München kommune og Europakommisjonen. I tillegg tek fleire private verksemder del i finansieringa av konferansen.[3]
Sidan 2009 har ein delt ut Ewald von Kleist-prisen under konferansen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads