Derwent-reservoaret i Nordaust-England

From Wikipedia, the free encyclopedia

Derwent-reservoaret i Nordaust-Englandmap
Remove ads

Derwent-reservoaret er eit reservoar i River Derwent, på grensa mellom County Durham og Northumberland i England. Det ligg vest for Consett.

Kjappe fakta Land, Innsjøtype ...

Reservoaret er ein del av vassforsyninga i Nordaust-England, eigt og styrt av Northumbrian Water. Det er hovudvasskjelda til storbyområdet Tyne and Wear.

Når det er naudsynt kan ein føre inn meir vatn i reservoaret via ei røyrleidning frå det større Kielder-reservoaret i Northumberland.

Det er funne spor etter sink, bly og kadmium. Desse er vaska ut i reservoaret frå tidlegare gruveområde rundt Blanchland. På grunn av dette er det relativt få planter som veks i reservoaret.[1]

Det ligg ein segleklubb ved Derwent-reservoaret. Klubbhuset vart bygt i 1968. Klubben driv òg med brettsegling, springing og triatlon.

Det er eit vasskraftverk ved reservoaret med ein kapasitet på 97 kilowatt.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads