Desolation Boulevard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Desolation Boulevard er det tredje studioalbumet av det britiske glamrockbandet Sweet, opphavleg utgjeve i Storbritannia i november 1974. To merkbart ulike versjonar av albumet vart gjevne ut: ein av RCA Records i Europa, og ein annan av Capitol Records i USA, Canada og Japan.
RCA-versjonen inneheld singelen «Turn It Down» og den originale innspelinga av «Fox on the Run». Capitol-versjonen, utgjeven i USA i juli 1975, inkluderer singelen «The Ballroom Blitz» frå 1973 og singelversjonen av «Fox on the Run». I USA nådde albumet 25. plassen den 25. oktober 1975.
Desolation Boulevard blir av mange rekna som det beste albumet til bandet. Andy Scott, gitarist i Sweet, sa om albumet: «Eit slikt mangfald beviser berre at bandet aldri kom til å vere berre føreseieleg, noko som gav dette albumet ein definitiv plass i Sweet-historia».[5]
Remove ads
Plateomslag
Plateomslaget vart laga av designgruppa Hipgnosis, som var kjend for plateomslaga til Pink Floyd og Led Zeppelin. Bakgrunnsbiletet vart teken nær inngangen til rockeklubben The Central, i 8852 Sunset Boulevard i West Hollywood i California. I dag ligg The Viper Room her, der skodespelaren River Phoenix døydde av ein overdose på halloween-morgonen i 1993.
Innhald
Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.
RCA-utgåva
Capitol-utgåva
Capitol-versjonen av Desolation Boulevard kom ut i USA og Canada i juli 1975. Han skilde seg frå den britiske versjonen og inkluderte fleire songar frå det førre albumet Sweet Fanny Adams i tillegg til singlane «Ballroom Blitz» og «Fox on the Run».
- Side ein
Alle spor skrivne av Chapman, Chinn, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Brian Connolly – solovokal (utanom der andre er nemnd)
- Steve Priest – bass, solovokal (britiske spor 9, 18; amerikansk spor 3), korvokal
- Andy Scott – gitar, synthesizer, solovokal (britiske spor 5, 6; amerikansk spor 9), korvokal
- Mick Tucker – trommer, perkusjon, korvokal
Salslister
Album
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads