Det papuanske flagget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det papuanske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg av Papua Ny-Guinea den 1. juli 1971. Flagget er utforma av Susan Huhume, som var berre 15 år gammal då ho vann ein landsdekkjande konkurranse om å teikne eit nytt nasjonalt flagg i 1971.[1]

Raudt og svart har lenge vore dei tradisjonelle fargane til mange stammar på Papua Ny-Guinea. Svart-kvitt-raudt var fargane på flagget til det tyske keisardømet, som hadde kolonisert Ny-Guinea før 1918. Paradisfuglen, som er ein stilisert safranparadisfugl (Paradisaea raggiana)[2], er også på det papuanske riksvåpenet, saman med stjernebiletet Sørkrossen.
Remove ads
- Flaggforslaget til Hal Holman.
- Det papuanske flagget i Beijing.
- Det papuanske flagget under flaggparaden under Paralympiske sommarleikar 2016.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads