Susan Karike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Susan Hareho Karike Huhume (7. mai 1956–11. april 2017) var ei papuansk husmor, som utforma det papuanske nasjonalflagget som 15-årig skulejente.
Remove ads
Det papuanske flagget
I 1971, då Karike var 15 år gammal, fekk skulen hennar, den katolske misjonsskulen på Yule-øya i provinsen Central, besøk av valkomiteen for konstitusjonell utvikling.[1][2][3] Komiteen hadde allereie eit mellombels design for eit nytt flagg for Papua Ny-Guinea, som var designa av den australske kunstnaren Hal Holman.[2] Likevel bad dei elevane lage ein ny fargepalett for flagget.[1] Karike tykte ikkje at dei originale fargene blå, gul og grøn var tradisjonelle nok, og likte heller ikkje dei vertikale stripene som flagget var delt i.[4][5] Ho brukte ei diagonal linje og fargene raudt, svart og gult, i tillegg til å behalde motiva med Sørkrossen og paradisfuglen.[3] Det nye designet for flagget blei teikna på ei side riven ut frå kladdeboka hennar.[6] Forslaget blei presentert for komiteen 1. mars 1971 og blei formelt vedtatt som flagget til Papua Ny-Guinea 4. mars 1971.[3]
Galleri
- Flaggforslaget til Hal Holman.
- Det papuanske flagget.
Remove ads
Heider
Sjølv om ho stod bak utforminga av nasjonalflagget, var bidraget til Karike stort sett ukjent i løpet av levetida hennar.[7] Ho mottok ingen pensjon frå regjeringa og levde i fattigdom.[8] Den tre månader lange forseinkinga mellom døden og gravferda hennar kom av at statsministerkontoret hadde lova familien hennar at ho skulle ha ei statsgravferd, men så trekte tilbake løftet.[9]
I 2017 blei Papua Ny-Guinea nasjonalmuseum og kunstgalleri bygd om og eit nytt galleri blei kalla opp etter Susan Karike.[1]
Remove ads
Privatliv
Karike gifta seg med Nanny Huhume og dei hadde fire barn og tolv barnebarn.[10][11] Ho døydde i april 2017 etter eit slag og blei gravlagd 28. juli 2017.[10][11]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads