Det persiske alfabetet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det persiske alfabetet, utvikla for å skriva persisk, er ein modifisert versjon av det arabiske alfabetet. Alfabetet skil seg frå det arabiske ved å ha fire tilleggsbokstavar, پ p, چ c, ژ ž og گ g. Dessutan har mange bokstavar ein annan uttale enn i det arabiske alfabetet. Det er kjent for den kalligrafiske nasta'liq-stilen.
Alfabetet blir brukt i moderne dari, persisk og kasjkai. Det har også vore brukt til å skriva sentralasiatiske språk som mongolsk, tadsjikisk og khorezmisk. Fleire alfabet er avleidde av det persiske, til dømes alfabeta brukte i pasjto, sindhi og urdu, og panjabi-alfabetet sjahmukhi, som har nokre tilleggsbokstavar kvar.
Det arabiske alfabetet blei innført i Iran og tilpassa det persiske språket etter den islamske ekspansjonen frå og med 642 e. Kr. Før innføringa av dette alfabetet hadde mellompersisk vore skrive med pahlavi-skrifta.
Remove ads
Skildring
Her er dei 32 bokstavane i det persiske alfabetet:
Bokstavar som vantar ei initial eller medial form er aldri knytte til neste bokstav, jamvel inne i eit ord.
Den glottale lukkellyden, ' [ʔ], blir skriven med ain ﻉ eller med det diakritiske teiknet hamze ﺀ, som står oppå ein annan bokstav, anten alef ا, vâv ﻭ eller ein ye ﻱ med eller utan prikkar.
Remove ads
Vokalar
Vokalane a, e og o blir normalt ikkje skrivne, medan vokalane â, i og u blir skrivne med høvesvis alef ﺍ, ye ﻱ og vâv ﻱ, som i desse døma:
- دختر doxtar 'dotter'
- پدر pedar 'far'
- برادر barâdar 'bror'
- مادر mâdar 'mor'
- تهران Tehrân Teheran
- محمود احمدی نژاد Mahmud-e Ahmadi-Nežâd Mahmoud Ahmadinejad
- روح الله موسوی خمینی Ruhollâh-e Musavi-ye Xomeini Ruholla Musavi Khomeini
Dersom ein ynskjer å skrive vokalane a, e og o, noko som mellom anna blir gjort i lærebøker i persisk for utlendingar, nyttar ein eigne diakritiske teikn over og under bokstavane, høvesvis َ, ِ og ُ:
- دُختَر doxtar 'dotter'
- پِدَر pedar 'far'
- بَرادَر barâdar 'bror'
- مادَر mâdar 'mor'
- تِهران Tehrân Teheran
Alle dei 32 bokstavane unnateke ا alef representerer ein konsonant. ا alef har to funksjonar. For det fyrste representerer han vokalen â; då står han alltid etter ein annan bokstav, som i با bâ. For det andre er «plasshaldar» for vokalane a, e og o. Når eit ord tek til med ein ا alef, tyder det at ordet tek til med ein av desse tre vokalane:
- اتم atom 'atom'; med vokalteikn: اَتُم
- اسلام eslâm 'islam'; med vokalteikn: اِسلام
- ارکستر orkestr 'orkester'; med vokalteikn: اُرکِستر
Dersom â står fremst i eit ord, blir han attgjeven med ein ا alef som ligg vassrett oppå ein «plasshaldar»-alef:
- آب âb 'vatn'
Remove ads
Kjelder
- Elwell-Sutton, L. P. 1963. Elementary Persian Grammar. Cambridge: Cambridge University Press.
- Lambton, Ann K. S. 1953. Persian Grammar. Cambridge: Cambridge University Press.
- Mace, John 1962. Teach Yourself Modern Persian. London: The English Universities Press Limited.
- Naghed, Khosro und Mohsen Naghed 2002. Universal-Wörterbuch Persisch. Persisch-Deutsch, Deutsch-Persisch. Berlin, München, Wien, Zürich, New York: Langenscheidt.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads