Die Mensch-Maschine

album av Kraftwerk From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Man-Machine (tysk utgåve Die Mensch-Maschine) er det sjuande studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk. Det kom ut 19. mai 1978 på Kling Klang i Tyskland og Capitol Records andre stader. Albumet var ei vidareutvikling av den mekaniske stilen deira, der dei innlemma meir dansbare rytmar og mindre minimalistiske arrangement. Det inneheld singlane «The Model» og «The Robots».

Meir informasjon Kraftwerk-kronologi, Singlar frå The Man-Machine ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Sjølv om albumet i starten ikkje gjorde det så godt på den britiske albumlista, men nådde niandeplassen på albumlista i februar 1982[11] og vart dermed det nest mest suksessrike albumet deira i Storbritannia etter Autobahn (1974).[12]

Remove ads

Bakgrunn og innspeling

The Man-Machine er det første Kraftwerk-albumet der Karl Bartos er oppført som komponist i lag med Ralf Hütter og Florian Schneider. Emil Schult var med å skrive teksten til «The Model». AllMusic skildra albumet som «nærare stilen som kom til å definere tidleg new wave electro-pop», og sa at det hadde «kjensla av eit delt konseptalbum», der somme songar (som tittelsporet og «The Robots») utforska «science fiction-aktige lenkjer mellom menneske og teknologi», og andre (som «Neon Lights» og «Metropolis») fokuserer på «glamouren ved urbanisering[1] Uncut kalla «The Model» ein «ironisk popsatire», og skreiv at «den enkle teksten eignar seg til vesentleg tolking.»[10]

Den første tyske utgåva vart trykt på raud vinyl. The Man-Machine selte til gullplate i Storbritannia i 1982 for 100 000 selte eksemplar.[13] I oktober 2009 kom ei ommastra utgåve av albumet på CD og digitalt format på Mute Records i Europa og Astralwerks i USA,[14][15] medan ei utgåve på tung vinyl kom ut i november 2009.[16]

Plateomslaget vart produsert av Karl Klefisch, basert på eit verk av den russiske suprematisten El Lissitzkij - orda «Inspirert av El Lissitzky» står på omslaget. Baksida av omslaget er ei utgåve av ein grafikk frå barneboka til Lissitzkij kalla About Two Squares: A Suprematist Tale of Two Squares in Six Constructions.[17][18]

Remove ads

Mottaking

NME skreiv om albumet i 1978: «The Man-Machine står som ein milepåle i 70-tals rockemusikk. Dei enkle tekstane gjer at all vekta vert lagt på desse robotrytmane, dei kjølege tonane og utsøkte melodiane.»[19] Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa: «Berre ein surpomp kunne finne på å avvise ei gruppe som syntetiserer nyskapingane til Environments og David Seville & the Chipmunks, for ikkje å gløyme at det er betre klinemusikk.»[20] AllMusic skreiv at albumet er «mindre minimalistiske arrangement og meir komplekse og dansbare rytmar» enn dei tidlegare albuma til gruppa, og skreiv at det hadde ein «enorm innverknad» på påfølgjande synth-pop-artistar.[1]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Ralf Hütter, Florian Schneider og Karl Bartos, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

[21]

Andre medverkande

  • Günther Fröhling – fotografi
  • Leanard Jackson – lydteknikar
  • Karl Klefisch – kunst
  • Joschko Rudas – lydteknikar
  • Henning Schmitz – assisterande lydteknikar
  • Johann Zambryski – rekonstruksjon av omslaget (2009-utgåva)
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1978), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads