Die Together
song frå 2022 med Amanda Tenfjord From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Die Together» (norsk 'døy saman') er ein popballade med den gresk-norske songaren og låtskrivaren Amanda Tenfjord. Ho skreiv låten saman med den norske musikaren og produsenten Bjørn Helge Gammelsæter. Låten vart gjeven ut 10. mars 2022 og var det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Remove ads
Om songen
«Die Together» er ein popballade som handlar om eit døyande forhold. Men songaren tenkjer over moglegheita for å forlate dette livet samstundes som den ho elskar, slik at dei alltid vil ha kvarandre, og at ho ikkje vil miste han til nokon andre.[1] Amanda Tenfjord skreiv låten saman med Bjørn Helge Gammelsæter, som også produserte låten.[2]
Amanda Tenfjord vart hausten 2021 spurd om ho ville sende inn nokre songar til den greske ålmennkringkastaren ERT si jakt på det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[3][4][5] Tenfjord har gresk far og budde sine fyrste barneår i Hellas, før familien flytta til Tennfjord i Noreg.[6] ERT avgjorde at Tenfjord skulle få representere Hellas i Eurovision Song Contest, og avgjerda vart offentleggjord 15. desember 2021.[7] Men songen vart offentleggjord 10. mars 2022 og gjeven ut for strøyming og nedlasting same dag.[1]
Tenfjord enda opp på åttandeplass med «Die Together» i finalen i Eurovision Song Contest laurdag 14. mai 2022.[8]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads