Amanda Tenfjord
norsk-gresk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amanda Klara Georgiadis Tenfjord (fødd 9. januar 1997[1][2]) er ein norsk og gresk songar, låtskrivar og lækjar.[3][4][5] Ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Die Together».[6]
Remove ads
Artistkarriere
Tenfjord byrja med pianotimar då ho var fem år gammal, før ho byrja i korps og deretter songtimar.[5] Tenfjords song «Run» vann Musikkprisen i 2015 og figurerte i ein reklamevideo for Personskadeforbundet LTN i 2014.[7]
I 2016 deltok Tenfjord i musikktevlinga The Stream på TV 2, der ho fekk ei plassering blant dei 30 beste deltakarane.[8] I 2018 opptredde ho live under «P3aksjonen».[9] Ho medvirka også i eit program på P3 Live i 2019 med låten «Let Me Think».[10]
Tenfjord har turnert med det norske bandet Highasakite.[11] I 2019 spela ho på musikkfestivalen Trondheim Calling.[12][13] Tenfjord vart i 2019 tildelt Ungdommens kulturpris i Haram kommune.[14]
Eurovision Song Contest
I desember 2021 kunngjorde den greske ålmennkringkastaren ERT at dei hadde vald Tenfjord til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[15] Songen, «Die Together» vart offentliggjord og utgjeven 10. mars 2022.[16][17] Tenfjord kvalifiserte seg til finalen, der ho enda på åttandeplass.[18]
Remove ads
Bakgrunn og privatliv
Tenfjord vart fødd i Ålesund i Noreg, og voks opp i Ioánnina i Hellas og i Tennfjord i Haram. Ho budde dei tre fyrste åra av livet i heimbyen til faren, Ioánnina, før ho og familien flytta til Tennfjord i Møre og Romsdal.[19] Ho lærte gresk før norsk.[20] Ho gjekk i same klasse som artisten Sigrid, og har uttala at ho var inspirasjonen til å satse på ein artistkarriere på deira siste skuledag ved Fagerlia vidaregåande skule.[21]
I 2015 flytta Tenfjord til Trondheim for å byrje på medisinstudium ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).[5] I 2019 annonserte Tenfjord at ho satte dei krevjande studia på pause for å fokusere på musikk.[22] Tenfjord tok embetseksamen i medisin i mai 2022.[23][24]
Remove ads
Diskografi
EP-ar
- First Impression (2018)
- Miss the Way You Missed Me (2021)
Singlar
- «Run» (2014)
- «I Need Lions» (2016)
- «Man of Iron» (2017)
- «First Impression» (2018)
- «No Thanks» (2018)
- «Let Me Think» (2018)
- «The Floor Is Lava» (2019)
- «Troubled Water» (2019)
- «Kill the Lonely» (2019)
- «As If» (2020)
- «Pressure» (2020)
- «Then I Fell in Love» (2020)
- «Miss the Way You Missed Me» (2021)
- «Promises» (2021)
- «Die Together» (2022)
- «Plans» (2022)
- «All In» (2022)
- «Aman» (med Evangelia) (2022)
- «I'll Stay» (2022)
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads