Dietmar Haaf

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dietmar Haaf (fødd 6. mars 1967) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Stuttgart-Bad Cannstatt som tevla internasjonalt i lengdehopp. I 1990 vart han europameister i øvinga for Vest-Tyskland.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Haaf vart junior-verdsmeister i 1986. Vinteren 1990 vann han lengde-tevlinga i innandørs-EM i Glasgow. Eit lite halvår seinare gjekk han heilt til topps under europameisterskapen i Split då han i sitt andre forsøk i tevlinga hoppa 8,25 m. I 1991 triumferte han i Sevilla i lengdehopp i innandørs-VM.

I den minneverdige lengde-tevlinga under friidretts-VM 1991 i Tokyo, der Mike Powell sette verdsrekord med 8,95 meter, vart Haaf nummer fire med 8,22 m. Året etter deltok han i sommarleikane i Barcelona, med klarde ikkje å nå finalen. Han vart i Paris 1994 innandørs europameister for andre gong.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads