Dionisij
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dionisij (omkring 1440–1508) var ein russisk målar som særleg er kjend for freskesyklusen sin i Ferapontovklosteret, ein del av verdsarven. Han var rekna som leiar for Moskvaskulen av ikonmålarar ved hundreårsskiftet mellom 1400- og 1500-talet. Målarstilen hans blir tidvis kalla «moskovitt-maniersmen».
Det fyrste viktige oppdraget til Dionisij var ein serie ikon for Dormitionkatedralen i kreml i Moskv som blei utført i 1481. Figurane på ikona hans er kjende for å vera langstrekte, med små hender og føter og rolege og fredelege andlet.
Blant dei mange rike velgjerarane hans var Josef av Volokolamsk, som gav han i oppdrag å måla meir enn åtti ikon, først og fremst for Josef-Volokolamsk og Pavel-Obnorsk-klostera.
Det mest omfattande og best bevarte verket til Dionisij er det monumentale freskemåleriet av jomfrufødselskatedralen i Ferapontov-klosteret (1495–96) i Vologda oblast. Freskene hans, som skildrar scenar frå livet til Jomfru Maria i eineståande reine og milde fargar, gjennomsyra av ei høgtidsam stemning.
Arbeidet på Ferapontov blei utført av Dionisij i samarbeid med sønene og læresveinane hans, som heldt fram ein dioniskisk tradisjon etter at meisteren døydde. Sonen Feodosij måla veggmåleriet til Mikael og Josva før slaget ved Jeriko i Bebodingskatedralen i Moskva kreml i 1508.[1] Ettersom faren ikkje deltok i dette viktige oppdraget, går ein ut frå at han hadde døydd kort tid før denne datoen.
Remove ads
Galleri
- Freske av Nestor III ved det tredje økumeniske konsilet måla i 1502.
- Metropolitten Aleksis. Tempera på tre.
- Guds mor for reisande (Hodigitria). Frå 1482.
- Guds mor Hodigitria. Cirka 1502-1503)
- Freske i Ferapontov
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads