Disco Inferno
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Disco Inferno» er ein song frå 1976 av The Trammps frå albumet med same namn. Songen nådde toppen av Billboard Hot Dance Club Play-lista tidleg i 1977, men hadde avgrensa suksess i USA fram til 1978, før han vart nytta i filmmusikken til filmen Saturday Night Fever i 1977. Singelen vart då gjeven ut på ny og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100-lista.[1][2]
Songen vart òg spelt inn av Cyndi Lauper på filmmusikken til A Night at the Roxbury[3] og Tina Turner på What's Love Got to Do with It.[4]
Remove ads
Songinformasjon
Songen vart opphavleg spelt inn av The Trammps i 1976 og gjeven ut som singel. Han var inspirert av ein scene i filmen The Towering Inferno frå 1974, då eit diskotek stod i brann.[5] I følgje Tom Moulton, som miksa plata, vart ein Dolby støyreduksjon sett til feil innstilling under miksen av spora. Då lydteknikaren Jay Mark oppdaga feilen og retta det opp, fekk miksen ei mykje vidare dynamisk rekkjevidd enn det som var vanleg på den tida. På grunn av dette verkar songen å «hoppe ut» mot lyttaren. I lag med «Starvin'» og «Body Contact Contract» toppa han den amerikanske Disco-lista i seks veker seint på vinteren 1977.[6] På andre amerikanske lister nådde «Disco Inferno» niandeplassen på Black Singles-lista, men var først ikkje ein særleg stor suksess på pop-radiostasjonar, og nådde 53. plassen på Billboard Hot 100.[7]
«Disco Inferno» nådde eit breitt publikum då han vart nytta i filmmusikken til filmen Saturday Night Fever i 1977 og vart forlenga til å vare nesten 11 minuttar lang.[8] Singelen vart gjeven ut på ny av Atlantic Records, og songen nådde då 11. plassen på poplista i USA våren 1978 og vart den største hitten til the Trammps.
I 1996 vart «Disco Inferno» nytta i filmen Kingpin og han vart nytta i ein trailer for Adam Sandler-komedien Bedtime Stories. I 2006 vart den lengre versjonen nytta i ein oppussa versjon av filmen Ghostbusters.[9]
Den 19. september 2005 vart «Disco Inferno» innlemma i Dance Music Hall of Fame.[10]
Remove ads
Lister
Tina Turner-versjonen
Tina Turner spelte inn songen i 1993 for filmen What's Love Got to Do with It og singelen nådde 12. plassen på UK Singles Chart, fire plassar høgare enn originalversjonen til The Trammps. Singelen inneheld remiksar av The Beatmasters.
Format
UK CD-singel
- «Disco Inferno» (Album Version) – 4:03
- «I Don't Wanna Fight» (Single Edit) – 4:25
UK 12"-singel
- «Disco Inferno» (12" Version) – 5:33
- «Disco Inferno» (12" Dub) – 6:57
- «Disco Inferno» (Album Version) – 4:03
UK CD-singel
- «Disco Inferno» (Album Version) – 4:03
- «I Don't Wanna Fight» (Single Edit) – 4:25
- «Disco Inferno» (12" Version) – 5:33
- «Disco Inferno» (12" Dub) – 6:57
Lister
Vekeslister
Årslister
Cyndi Lauper-versjonen
Cyndi Lauper framførte første gongen songen på konsert i New York i Bryant Park den 21. juni 1998. Songen vart så spelt inn for filmen A Night At Roxbury. Denne versjonen vart nominert til Grammy-prisen for beste danselåt.
Offisielle versjonar
- Boris & Beck Roxy Edit Dub
- Boris & Beck Roxy Dub
- Club Mix
- Rescue Me Mix
- Soul Solution A Capella
- Soul Solution Drumapella
- Soul Solution Mix
- Soul Solution Radio Edit
Lister
Remove ads
Andre versjonar
- Players Association spelte inn songen på singel i 1977.
- Dread Zeppelin spelte inn songen i 1992 på albumet It's Not Unusual.
- The Bobs spelte inn songen i 1994 på albumet Cover the Songs Of.
- Age of Chance spelte ein rask og støyande versjon i 1986 på mini-albumet Beneath the Pavements the Dancefloor[21]/Crush Collision.[22]
- Den australske songaren Marcia Hines spelte «Disco Inferno» i 2006 på albumet Discothèque.
- System of a Down har stundom nytta sin eigen versjon av «Disco Inferno» som intro til songen «Psycho».
Remove ads
Sampling
- Fast Eddie sampla «Disco Inferno» på hans «I Want You, Girl»
- Madonna song vokalen sin på «Music» over ein instrumentalversjon av denne songen i 2006 på Confessions-turneen hennar, og skapte ein mash-up kalla «Music Inferno».
- I august 1998 gav Baby Bumps ut songen «Burning», som i røynda var ein moderne versjon av «Disco Inferno» over ein moderne house-beat. Denne versjonen nådde 17. plassen på den britiske singellista.
- Punkikonet John Otway og Steps-låtskrivaren Barry Upton nytta songen som akkompagnement for Otway-songen «Bunsen Burner».
Remove ads
I andre media
- Ein versjon av songen spelt inn av The Earl Young Band vart nytta i videospela Dungeon Keeper 2 og Bulletstorm.
- I Shrek 2 syng eselet (Eddie Murphy) «Disco Inferno».
- Songen vart nynna av karakteren David Brent under ein dans i TV-serien The Office.
- Versjonen til The Trammps vart nytta i filmane Donnie Brasco i 1997, What the Bleep Do We Know!? i 2004, Mystery Men i 1999, Little Voice, Ghostbusters, Talk Radio og Hobo with a Shotgun
- The Simpsons, sesong 13, episode 10.
- Songen vart framført av Mercedes Jones (Amber Riley) i TV-serien Glee i 2011.
- The Trammps-versjonen er nytta i Grand Theft Auto IV i utvidinga The Ballad of Gay Tony.
- TV-seriane Everybody Loves Raymond, Skins og Scandal, Romanzo Criminale.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads