Discovery av Mike Oldfield

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Discovery (trykt som Discovery & the Lake på baksida og ryggen av plateomslaget) er det niande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve 25. juni 1984 på Virgin Records. Etter turneen hans i 1983, flytta Oldfield til Villars-sur-Ollon i Sveits av skatteårsaker og byrja å arbeide på eit nytt album.[1] I Villars komponerte Oldfield òg filmmusikken til The Killing Fields (1984). Utval frå desse to kom ut som The 1984 Suite i 2016.

Meir informasjon Mike Oldfield-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn og innspeling

Albumet vart spelt inn frå januar til juni 1984.[3] Ein typisk arbeidsdag byrja kl. 1030 og slutta kl. 1900.[3]

Albumet inneheld fleire popsongar, som Oldfield vart oppfordra av Virgin Records til å skrive etter suksessen med «Moonlight Shadow» frå det førre albumet hans, Crises.

Det første sporet på albumet, «To France», er sungen av Maggie Reilly. Det andre sporet, «Poison Arrows», glir over frå slutten av «To France» og vert sungen av Barry Palmer. I følgje Oldfield var «The Lake» inspirert av tida hans i Sveigs og kring Genfersjøen.[4]

Oldfield la ut på ein Europa-turné i 1984 for å marknadsføre albumet.

2016-utgåva

Discovery kom ut på ny i luksusutgåve 29. januar 2016,[5] som alle dei tidlegare albuma hans var blitt åra før. Nyutgjevinga inneheld to plater, sjølve Discovery og 1984 Suite, og ein DVD med plata i 5.1-kringlyd.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Mike Oldfield

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Teknisk
  • Dan Kramer – fotografi

Andre versjonar

Det tyske electronica-prosjektet Meteor Seven gav ut sporet «Signs of Life» med ein vokal-sampling frå sporet «Talk About Your Life». Det tyske techno hard dance-bandet Scooter gav ut ein versjon av sporet «Talk About Your Life» på albumet deira Music for a Big Night Out.

Salslister

Albumet nådde tredjeplassen på den norske VG-lista, og låg 13 veker inne på lista. Det nådde òg 15. plassen på UK Albums Chart.

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads