Crises av Mike Oldfield

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Crises er det åttande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 27. mai 1983 på Virgin Records. Det heldt fram den musikalske retninga Oldfield hadde starta på det førre albumet, Five Miles Out (1982), med meir radiovenlege rock- og popsongar. Albumet inneheld hitsinglane «Moonlight Shadow» med Maggie Reilly på solovokal og «Shadow on the Wall», sungen av Roger Chapman. Oldfield marknadsførte albumet med ein turné i Europa i 1983, med dei fleste musikarane frå albumet.

Meir informasjon Mike Oldfield-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn og innspeling

I 1980-åra skifta Oldfield musikalsk retning frå dei lange komposisjonane han var blitt kjend for i 1970-åra, mot kortare og meir radiovenlege rock- og popsongar. Då han var ferdig med verdsturneen sin i desember 1982, hadde Oldfield alt byrja på ein oppfølgjar til Five Miles Out.[2]Crises utforskar Oldfield heavy metal-element, som han var blitt fan av på den tida og likte og spele. Oldfield skildra side ein som materiale han hadde ønskt å skrive og framføre «fordi han hadde lyst», medan side to er «særs kommersiell, full av singlar». Han la til: «Då vert alle nøgde.»[2]

Albumet vart spelt inn frå november 1982 til april 1983 i Tilehouse Studios i Denham i Buckinghamshire. Oldfield vart spurt i eit intervju om korleis han fekk Chapman og Jon Anderson med på plata, og han sa «me berre hang i same baren». Singelen «Moonlight Shadow» frå dette albumet inkluderer det sjeldne sporet «Rite of Man». Den nordamerikanske utgåva av albumet har ei anna rekkjefølgje på songane og inkluderer singelen «Mistake».

Remove ads

Songar

Side ein

Tittelsporet på albumet er eit tjue minuttar langt stykke, med noko vokal sungen av Oldfield. Byrjinga og slutten av sporet er driven av ein synthesizer solo, stilmessig liknande opningstemaet på Tubular Bells.[2]

Side to

Den massive hitten «Moonlight Shadow» er sungen av Maggie Reilly, som òg song og var medlåtskrivar på «Foreign Affair». «In High Places» har tekst av Mike Oldfield og Jon Anderson. «Shadow on the Wall» vart sungen av Roger Chapman. Albumet inneheld «Taurus 3», eit kort, kjapt gitarstykke som ikkje liknar på dei to lange «Taurus»-spora på QE2 og Five Miles Out.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Mercury Records-utgåva

Crises kom ut på Mercury Records den 2. september 2013. Plata kom i fleire variantar som ein enkel CD og ein dobbel luksusutgåve med konsertopptak på plate to, ei vinylplate og ein boks på fem plater med tre CD-plater og to DVD-ar. Boksen kom òg med ei 32 sider lang bok. Denne utgåva nådde 30. plassen i Tyskland i september 2013.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Plate tre av 30-årsjubileumsutgåva er same som plate 2 av luksusutgåva.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Mike Oldfield – gitar på alle spor utanom «Foreign Affair»; Fairlight CMI på alle spor utanom «Taurus 3»; Roland string synthesizer på «Crises», «In High Places», «Foreign Affair» & «Shadow on the Wall», Oberheim OB-Xa synthesizer på «Crises» & «In High Places»; Farfisa orgel & piano & Prophet 5 synthesizer på «Crises»; bassgitar på «Crises» & «Shadow on the Wall»; akustisk bassgitar på «Taurus 3»; harp på «Crises»; mandolin på «Crises» & «Taurus 3»; banjo på «Taurus 3» & «Shadow on the Wall»; Simmons elektroniske trommer på «Crises»; bjøller & tamburin & shaker på «Taurus 3»; Oberheim DMX trommemaskin og Oberheim DSX digital polyphonic sequencer & Quantec Room Simulator klangeining på «Crises»; vokal på «Crises».

Andre medverkande

Remove ads

Salslister

Albumet låg 19 veker på den norske VG-lista, og to av dei på toppen av lista. Det vart det bestseljande albumet til Oldfield der. Albumet toppa òg listene i Tyskland og Sverige.

Meir informasjon Liste (1983), Plassering ...

Salslister 2013-utgåva

Meir informasjon Liste (2013), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Andre versjonar

Fleire av songane på Crises er blitt spelt mange gonger, med «Moonlight Shadow» som den mest populære. Dance-gruppa Groove Coverage spelte ein versjon av «Moonlight Shadow» som nådde tredjeplassen på den tyske singellista. Ein versjon av «Foreign Affair» frå 2009 av det belgiske dance-bandet Sylver låg åtte veker på topp 10 på den belgiske singellista og nådde tredjeplassen.[20]

Den amerikanske rapperen Kanye West sampla Oldfield-songen «In High Places». West brukte refrenget av songen på songen sin «Dark Fantasy» i 2010 på albumet My Beautiful Dark Twisted Fantasy.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads