Disko av LPS
song frå 2022 med LPS From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Disko» er ein slovensk jazzinspirert storbandlåt frå 2022, utgjeven av det slovenske bandet LPS. Låten er skriven av bandet sjølv og vann den slovenske songtevlinga EMA laurdag 19. februar 2022. Låten vart utgjeven kommersielt 1. april same år og var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[1]
Remove ads
Om songen
«Disko» er skriven av det slovenske bandet LPS. Songen har element av jazz, storbandmusikk og pop, og han har slovensk tekst. Songen vart fyrste gong offentleggjord på nettsidene til RTVSLO 26. november 2021, saman med dei andre deltakarlåtane i EMA 2022.[2] «Disko» vart offisielt gjeven ut på strøymetenester 1. april 2022.[1]
Eurovision Song Contest
EMA 2022
Hausten 2021 sende bandet songen inn til den slovenske musikktevlinga EMA 2022, der vinnaren fekk representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2022. Arrangøren, RTVSLO, fekk inn 127 låtar.[3] LPS fekk delta i førehandstevlirnga EMA Freš som vart arrangert 28. januar 2022. Der kvalifiserte «Disko» og tre andre låtar seg til hovudtevlinga EMA i februar.[4]
Hovudtevlinga bestod av to semifinalar 5. og 12. februar 2022, med finalen laurdag 19. februar. I kvar semifinale deltok ti låtar – åtte av etablerte artistar og to deltakarar frå EMA Freš. «Disko» deltok i den andre semifinalen laurdag 12. februar og kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen.[5][6] I finalen 19. februar deltok tolv låtar, og «Disko» vann til slutt tevlinga med 103 poeng. Gjennom sigeren vart «Disko» det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022.[7]
I Eurovision Song Contest
«Disko» deltok i den fyrste semifinalen i Pala Olimpico i Torino tysdag 10. mai 2022.[8] Der endte han sist blant 17 bidrag, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[9]
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads