Last Pizza Slice
slovensk band From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Last Pizza Slice, også kalla LPS, er eit slovensk musikkband. Bandet består av Filip Vidušin (vokal), Gašper Hlupič (trommer), Mark Semeja (elgitar), Zala Velenšek (bass og altsaksofon) og Žiga Žvižej (keyboard). Bandet representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Disko».
Bakgrunn
Last Pizza Slice vart skipa i 2018, då medlemmane gjekk på videregåande i byen Celje.[1] Etter skipinga turnerte dei landet og spelte på ulike festivalar og konsertar i Slovenia. Dei har også delteke i flere talenttevlingar og songtevlingar. Bandet spelar musikk innan sjangrane soul-pop, funk, blues, rock og jazz.[1]
Eurovision Song Contest
I februar 2022 deltok Last Pizza Slice i den slovenske musikktevlinga EMA, det slovenske svaret på Melodi Grand Prix. Bandet vann finalen 19. februar med den slovenskspråklege songen «Disko».[2] Som vinnarar fekk dei representere Slovenia i Eurovision Song Contest i Torino i Italia i mai 2022.[3] Bandet enda sist i den fyrste semifinalen, og dei kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.[4]
Remove ads
Besetning
Diskografi
Album
- 2021 – Live from Šiška
Singlar
- 2022 – «Silence in My Head»
- 2022 – «Disko»
Referansar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads